JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Krigens råskap

Isaak Babel skildrar ein nær gløymd krig i Ukraina for 103 år sidan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Isaak Babel vart avretta i Butyrk-fengselet i 1940.

Foto: Oktober

3051
20230714
3051
20230714

Noveller

Isaak Babel:

Rytterarmeen

Omsett av Marit Bjerkeng
Forord av Erika Fatland
Oktober

Da første verdskrigen var over hausten 1918, sat ein tilbake med eit heilt nytt europakart i kjølvatnet av at dei gamle stormaktene Tyskland, Austerrike-Ungarn og Russland braut saman og nye nasjonalstatar voks fram.

Samtidig var Russland herja av borgarkrig (1918–1922) mellom bolsjevikane og dei kvite, og det var også eit ønske om å gjenvinne tapte landområde frå det nyoppretta Polen og Ukraina som hadde erklært seg som folkerepublikk (1918–1921) i konkurranse med sovjetrepublikken Ukraina (1917–1991).

Krigskorrespondent

I krigen mellom Polen og Ukraina (1918­–1920) stod folkerepublikken og sovjetrepublikken på kvar si side, og Isaak Babel var med som krigskorrespondent for sovjetrepublikken i Galicja og vestlege Ukraina. Dette er det historiske bakteppet for dei reportasjeaktige novellene i Rytterarmeen, publiserte i ulike forum før dei blei samla og utgitte i 1926.

Forteljaren Ljutov og Babels alter ego er ein ukrainsk jøde som voks opp i det kosmopolitiske Odesa. Han har kanskje eit anna og meir nyansert verdisyn enn det han møter blant dei ukrainske kosakkane i general Semjon Budjonnyjs ryttararmé, og han blir tidvis sett ned på som ein svekling fordi han bruker briller og syslar med litteratur og journalistikk.

Språket i desse novellene er både poetisk med flotte naturskildringar og nyansert bildebruk kring skumring og nattlys, nært og sanseleg, samtidig som det også er direkte, folkeleg og usentimentalt i skildringa av fattigdom, plyndring, stank, råskap, valdtekter, vilkårlege avrettingar og hjelpelause menneske, ofte jødar, som er ramma av krigen.

Tvitydige skildringar

I motsetnad til sosialrealismens ideal om at litteraturen skal oppvise musklar, maskulinitet og makt utan særleg rom for feminine verdiar, merkar ein hos Babel noko tvitydig i skildringane av det jødiske og bolsjevismens realpolitiske sjargong. Babel sa sjølv at Stalins talar var «fulle av muskulatur». Om det var meint som ein kompliment, skal vere usagt.

Det er eit stort persongalleri i desse novellene, og lesaren maktar ikkje heilt å skilje den eine frå den andre. Likeins blir det med alle stadnamna ein aldri har høyrt om før, og det blir til at ein googlar og leitar og orienterer seg i ukjent landskap. Men det har òg sin verdi.

Med Fortellinger fra Odessa (1926) og Rytterarmeen vann Isaak Babel fort ein sentral posisjon i dei litterære krinsane i Sovjetunionen, men utover på 1930-talet kom han på kant med styresmaktene. Til slutt hamna han i klørne til NKVD, Sovjetunionens tryggingsteneste og hemmelege politi, skulda for spionasje og planlagd terror. Han blei avretta i Butyrk-fengselet i januar 1940, 45 år gammal. Bøddelen var generalmajor Vasilij Blokhin (1895–1955), NKVDs fremste bøddel mellom 1927 og 1953.

Han skal ha avretta mellom 15.000 og 20.000 menneske med nakkeskot.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis