Musikk
Krigens kulturelle krimgåte
Foss held fram arbeidet med å rulle opp kollektive prosessar i vitskaplege krigsbrotsverk.
Spørsmålet Øyvind Foss stiller i Nazibaronen bak dr. Mengele og menneskeverdets undergang, er kva forskinga skal tene av interesser: staten eller menneskeverdet. Den lygnaktige haldninga overfor soga om nazistaten øydela langt på veg freistnadene på å vurdere kva rolle universitet, høgskular, intellektuelle miljø og organisasjonsliv spela.
inga kollektiv skuld
Det tyske folket har aldri eigentleg akseptert noka kollektiv skuld for folkemord, sjølv om den eksistensialistiske filosofen Karl Jaspers skreiv ei bok som skapte omfattande ordskifte i mange samanhengar, ikkje minst i universiteta. Studentopprøret i 1960-åra ville ha opp «Det tyske spørsmålet». Sidan kom diskusjonane i bylgjer, mest kvart tiår, inntil vi i dag – her i landet ikkje minst takk vere Øyvind Foss – veit ein god del meir om dei institusjonelle og kulturelle prosessane som undergrov menneskeverdet.
No har Øyvind Foss teke for seg «bakmennene» attom dr. Joseph Mengele. Nyare forsking tykkjest vise at Mengele sjølv ikkje hadde særs originale idear om noko, men utførte eksperiment som han skildra til bruk for andre. Men Mengele var ikkje opphavleg eit monster, som han vart ved innsatsen sin for å tene Riket. Bak Mengele stod andre, ikkje minst Otmar Baron von Verschuer, som spela ei sentral rolle i etableringa av dei medisinske forsøka.
ingen reell dom
Professorbaronen fekk ikkje ein reell dom etter krigen, berre yrkesforbod i eit par år, og heldt jamt og trutt på med tvillingforsking og anna genetisk forsking i eit langt liv, liksom andre nazistiske vitskapsfolk vart tekne til nåde og fekk lange karrierar i Storbritannia og USA. Foss fylgjer nokre av dei miljøa som i mellomkrigstida ikkje reagerte på eugenikk og evtanasi, såleis fleire kyrkjer, sjølv om der var både geistlege og andre som tok skarp fråstand frå slikt arbeid. Tanken om rasehygiene vann fram, og eit stort fleirtal ser ut til å ha vore for at «livsudugeleg liv» burde fjernast frå den genetiske poolen. Ikkje før enn med vitskapskritisk arbeid dei siste 40 år har mykje av dette gradvis blitt avslørt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.