Bok
Krigen som profitt
Dagsordenen er eit røntgenbilde som legg til rette for ein diagnose.
Éric Vuillard (f. 1968) fekk i 2017 den prestisjetunge Goncourt-prisen for den vesle romanen Dagsordenen som no ligg føre i norsk omsetjing. Det er ei komprimert og fortetta framstilling av Anschluss og korleis nazi-Tyskland, time for time, tar styringa over Austerrike 12. mars 1938 samtidig som tidsramma dekker heile nazitida i tysk historie, frå 1933 til Nürnberg-prosessen i 1946. «Vi befinner oss på én gang overalt i tiden», heiter det tidleg i teksten, og handlinga utspeler seg både i London, i Berlin, i München, Wien og på Berghof, Hitlers private residens nær Berchtesgaden i Bayern.
Det er på Berghof at den austerrikske kanslaren Kurt von Schuschnigg blir stilt framfor eit tysk diktat som grip rett inn i austerriksk sjølvstyre og gjer landet til ein del av Tyskland utan at verken England eller Frankrike reagerer; dei protesterer ikkje eingong, men ser det som rett og rimeleg, sjølv om det heile var ein invasjon som i tysk propaganda blei framstilt som ein invitasjon.
Det glatte lag
Aktørane i dette dramaet får det glatte lag av Vuillard, og han utfører det eine karakterdrapet etter det andre når han ser bak propagandaen, retusjeringane, sjølvskrytet og dei flotte titlane og uniformene, for der ser han berre små og sjølvopptatte menn som prøver å dekke seg bak ein ferniss av kultur og høflege frasar eller opptrer som reine bøller. Hertugen av Wellington, Arthur Wellesley, tilhengjar av Nordic League, får så hatten passar: «lavpannet, måpende og tom i blikket, så hvis han hadde vært født i en forstad i London, ville vi sannsynligvis aldri ha hørt om ham.» Lord Halifax er ein arrogant og sneversynt aristokrat, og Kurt von Schuschnigg blir «den rasistiske og forskremte aristokraten» som blir utmanøvrert av Hitler og endar sine dagar som professor i statsvitskap ved eit amerikansk universitet: «Han kunne sannelig sine ting om statsvitenskap, han som hadde lyktes med å si nei til alle borgerfriheter.» Slik blir dei avkledde som ynkelege, falske, maktsjuke og utan evne til å ta innover seg kva dei stod bak, da Nürnberbprosessen sette nazitoppane til veggs.
Viktig bok
Dei som slapp unna, var den tyske storfinansen, krigsprofitørane, som heilt frå 1933 spelte på lag med naziregimet, og for Krupp-konsernet, IG Farbenindustrie, Telefunken, Agfa, Siemens og enda fleire var det uavgrensa tilgang på gratis arbeidskraft frå konsentrasjonsleirane. I staden for tiltale fekk desse konserna halde fram etter krigen som om ingen ting hadde skjedd, «business as usual».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.