Bok

Krig og pubertet

Italo Calvino skildrar italienske partisanar før mytane tok overhand.

Italo Calvino vart fødd på Cuba i 1923 og døydde i Italia i 1985.
Italo Calvino vart fødd på Cuba i 1923 og døydde i Italia i 1985.
Publisert

På 1980-talet var Italo Calvino eit sentralt namn i den litterære debatten her til lands, den gongen postmodernisme og metafiksjon kom på dagsordenen, sosialrealismen tok kvelden og Hvis en reisende en vinternatt (på norsk 1985) opna for ein heilt annan refleksjon og praksis i det å skrive skjønnlitteratur.

Calvinos veg inn i litteraturen starta likevel i den italienske neorealismen som var den dominerande retninga frå tidleg 1940-tal og inn på 1950-talet, ideologisk forankra i kommunismen og inspirert av erfaringane til partisanrørsla. Debutromanen Stien med edderkoppredene frå 1947 har desse ingrediensane i rikt monn.

Filleproletariat

Romanen er bygd opp kring den foreldrelause gateguten Pin, ein tiåring som lever frå hand til munn, frå dag til dag i eit vertshus og i eit lite krypinn der søstera sel sex til både tyskarar og partisanar. Ein dag rappar han pistolen frå ein tyskar som driv på med søstera, og grev han ned ved stien med edderkoppreira, dit han trekker seg tilbake frå ein vanskeleg kvardag. Der blir pistolen liggjande fram til slutten av romanen.

Etter eit brutalt møte med tyske avhøyrsmetodar blir han tatt vare på av ei partisangruppe som opererer i nærområdet. Her får han igjen bruk for den frekke og rappkjefta oppførselen som har redda han tidlegare, og han blir ein underhaldande maskot blant desse partisanane som representerer eit tverrsnitt av motstandsrørsla med desertørar, kollaboratørar, ihuga kommunistar og dobbelagentar – sett med Calvinos auge eit filleproletariat med sympatiar i alle retningar.

Pin er ein unge i tidleg pubertet. Han spionerer på søstera, han spionerer på erotiske spenningar i partisangruppa, og alt han registrerer, bruker han hemningslaust i si eiga overleving. Han er eit barn som «lengter etter å bli holdt rundt og kjærtegnet» samtidig som «snille mennesker har alltid gjort Pin forlegen». Nærare Pin kjem vi ikkje gjennom Calvinos skildring, for Calvinos ærend er ikkje menneskeskildringa, men skildringa av eit kollektiv sett gjennom det prismet motstandsrørsla representerer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement