Bok

Krig og fred ved havet

Sjelemesser for verdas krigsoffer markerer Arnold Eidslotts hundreårsdag.

Arnold Eidslott, fotografert i heimen sin på Myrland i Ålesund.
Publisert Sist oppdatert

For hundre år sidan vart sunnmørsdiktaren Arnold Eidslott fødd. Forlaget Gyldendal markerer hendinga med å gje ut eit tematisk avgrensa utval dikt skrivne av den produktive lyrikaren, som gjekk bort i 2018.

Medan diktarens eigen familie stod for utvalet i den førre jubileumsantologien, Et bål på tundraen, publisert til nittiårsdagen i 2016, har Jan Inge Sørbø regien i årets samling. Sørbø har forska på Eidslotts forfattarskap i meir enn førti år, og i forordet vekslar professoren rutinert mellom informative samanfatningar og illustrerande døme.

Salmekvalitet

Forordet manglar rett nok ei aktualiserande grunngjeving for valet av krig som motiv og tema. For ein lesar i 2026 er det likevel ikkje vanskeleg å forstå prioriteringa. Eit dikt som «Klagesang over Sabra og Shatila», som handlar om den blodige massakren på palestinske flyktningar i Beirut i 1982, kjennest uhyggeleg dagsaktuelt.

Samstundes er det påfallande at fleire av krigserfaringane Eidslott skriv om, er andrehandsskildringar inspirerte av kanoniserte forfattarar som Lev Tolstoj, T.S. Eliot og Nelly Sachs. Difor er det neppe krigsmotivet som gjer Eidslotts lyrikk unik. Dei metalitterære krigsdikta er fine nok, men jamført med liknande tekstar hos Gunvor Hofmo og Paal Brekke er Eidslotts versjonar fredfulle og relativt harmoniske.

Kanskje handlar det mest om temperamentsforskjellar, men sjølv føretrekker eg dikt med meir friksjon. Der Hofmo er wergelandsk og kjettersk, er Eidslott welhavensk og bibeltru. På den andre sida har eg stor sans for salmekvalitetane i Eidslotts lyrikk. Medan Hofmos Kristus er mørk og lunefull, er Eidslotts versjon lys og full av håp.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel