Bok
Krenk meg sakte
Godtek ein berre å bryte språkmuren i denne fabelen, er det mykje moro i vente på andre sida.
Forfattar Eirik Andrè Skrede bur i Lakselvbukt og har gått på forfattarstudiet i Tromsø.
Foto: Yngve Olsen Sæbbe
Når ei bok opnar på denne måten: «Æ å shæfenn på Bokihose satt i glassbure på Nestrajnna kjøpesænterr lamme sænnterledern.», gnir ein seg i auga, blar vidare i boka for å sjå om det verkeleg skal vere slik på kvar side, og det skal det. Då tenker ein at dette kan ta si tid, det er berre å brygge seg store mengder kaffi.
Gleda ved å bli skjelt ut
Heile romanen, eller fabelen, som forfattar Eirik Skrede kallar han, er skriven på dialekt frå Lakselvbukt i Troms (med stavekontrollen avslått, går eg ut frå). På denne måten tar sjølvsagt språket mykje plass, og ein må arbeide seg inn i det ved å ta i bruk fleire delar av seg sjølv enn lesebrillene. Ein må høyre for seg dialekten. Då kjem innhaldet bak denne språkveggen til syne. Det er krevjande, men som løn for strevet får ein servert ei skikkeleg røvarhistorie.
Naijsolaisen jobbar i bokhandel, under ein sjef som tenker utelukkande kommersielt, og som jamt underslår pengar frå kassa for å finansiere eige misbruk. Han høyrer ikkje etter når Naijsolaisen føreslår å arrangere opplesingar, lage bokanbefalingsblogg eller andre tiltak som kan fremme den gode litteraturen. «Om fållk bare kojnne læsst litt flere ångklie bøkerr, da hadde det i det minnste værtt håp.»
Kva er sjefen avhengig av? Krenking, eller krængk, som tittelen lyder. I likskap med fleire andre på småstaden har han kasta seg på den nye bølga der ein betaler i dyre dommar for å bli skjelt ut. Det viser seg at ingen er grovare i utskjellingsmålet enn mor til Naijsolaisen, og med eitt er også dei i businessen. No melder det seg eit nærast filosofisk spørsmål om kvifor krængk ikkje verkar på alle, og svaret skal ikkje røpast her. Det er ein del av «krim»driven i forteljinga.
Morosam studie
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.