Film

Kråkesorg

Stramt sorgdrama haltar mot skrekk på skrale kråkeføter.

Etter at kona brått døyr, byrjar det å rakne for ektemannen (Benedict Cumberbatch), som må ta seg av dei to sønene i barneskulealder.
Publisert Sist oppdatert

Ein mann (Cumberbatch) og dei to sønene hans (Boxall og Boxall) kjem heim frå gravferd. Kona, altså mor til gutane, har døydd brått. Neste skuledag kjenner faren seg hjelpelaus. Han veit korkje kva jakke som høyrer til kven, eller kor gymkleda er.

Det daglege er uoverkommeleg. Sorga er blytung. Mannen arbeider med ei teikneseriebok, men slit. Etter kvart høyrer han rare ting eller hallusinerer. Inn kjem ei snakkande kråke.

Tett traume

Skodespelet er tidvis av topp klasse. Eg er ingen stor tilhengjar av Benedict Cumberbatch, som kan skilte med Oscar-nominasjonar for dei ordinære filmane The Imitation Game (2014) av Morten Tyldum og The Power of the Dog (2021) av Jane Campion. Bakgrunnen hans frå teaterverda har ikkje vore ein fordel i mine auge, fordi omstillinga frå store til mindre fakter ikkje har vore tilstrekkeleg.

Her, derimot, blir eg straks gripen. Med smalt bilete og kamera tett på andletet maktar han vere nyansert og presis når den overveldande sorga velt over mannen. Det sit. Det intime uttrykket er klamt og effektivt.

To blad Boxall gjer ein formidabel innsats som gutar i barneskulealder som skal hanskast med tapet av mora når faren berre viser sorg med stille og sinne. Gutane er knallgode. Eg slit derimot etter kvart med hovudrolla til Cumberbatch, som kjennest meir teatralsk når det røyner på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement