Musikk
Krafttak for nittitalet
Ny bergensbasert kvartett overrumplar med sjokkerande gode rockerefreng.
1991 er tidlegare sunnfjordsk ungdom, pluss ein frå Ålesund. Men dei bur i Bergen.
Foto: Pernille Sommer
Av alle ting ein kan krangle om, er diskusjonen om kva år som var det beste musikkåret den minst interessante. Er det kjærleikssommaren 1967, då Beatles-albumet om Sgt. Pepper og The Velvet Underground-albumet med Andy Warhol på kvar sitt vis endra popmusikken for alltid? Er det 1977, året då punken tok skrensfart inn i røynda, samstundes som discoen var med på å skilje haldning og underhaldning? Eller 1984, året då både Michael Jackson, Bruce Springsteen, Madonna og Prince var på topp, då musikkvideoar og MTV endra alt?
Fasiten er sjølvsagt 1991. Det er ikkje berre året då Nirvana gjorde rocken mindre glam og meir rå, men året då artistar som Metallica, R.E.M. og U2 kom med album som framleis definerer både dei sjølve og populærmusikken. For ikkje å gløyme gjennombrotet til Primal Scream, Massive Attack og A Tribe Called Quest. For å nemne nokre.
1991 var året som trekte popmusikken gjennom eit generasjonsskifte. Eit generasjonsskifte han framleis på mange måtar står i. Denne fasiten har sjølvsagt absolutt ikkje noko med at eg sjølv var ung på den tida å gjere.
Oppglødande
Bergensbaserte 1991 høyrest ikkje ut som musikk frå året 1991. Men dei høyrest ut som nokon som har høyrt mykje på musikk frå 1991 og heile nittitalet framover. Som har skjønt kva som gjer musikk til noko som kjennest oppglødande og fengjande.
Rykta skal ha det til at dei heiter 1991 fordi vokalist Torkel Eikevik er fødd då. Og eg seier rykte, for det å finne ut noko om bandet 1991 frå plateselskapet er ikkje enkelt. Det kan nesten verke som dei vil vere like anonyme som bandnamnet. Nettsøk, som ikkje er lett med dette bandnamnet, fortel at dei er fire karar frå Sunnfjord og Ålesund som bur i Bergen.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.