Teater
Kraftfull legendemusikal
No klassisk Don Quixote-musikal treffer godt musikalsk, men veiknar litt i innhald.
Opera Nordfjord gjesta Den Norske Opera & Ballett denne veka.
Foto: Øystein Torheim
Heddadagene i Oslo, som presenterer utvalde gullkorn frå seinaste norske teatersesongar, har den siste veka gjeve oss eit gjensyn med Mannen frå La Mancha, i Opera Nordfjords oppsetjing frå 2020.
Den opphavleg populære Broadway-musikalen har gått to gonger på Det Norske Teatret, fyrste gongen i 1970 med Lasse Kolstad og Rolf Just Nilsen i svært minneverdige hovudroller. Den sjarmerande og rørande historia etter urromanen til Miguel de Cervantes har heilt klårt ein usliteleg appell, og musikalvarianten er spenstig vidareført for eit nytt publikum av Opera Nordfjord.
Sjanger i endring
Musikalforma er rett nok ein sjanger i utvikling og endring, og kan hende synest vi ikkje nett denne musikalen har like tidlaus og sjølvstendig karakter som andre 60-talsklassikarar, til dømes Cabaret og Spelemann på taket. Men han har sine gylne augneblinkar, og eit par av melodiane heng framleis godt i øyret.
I korte trekk handlar jo romanen og musikalen om ein idealistisk galning, eller ein galen idealist. Her er det ein mann som heilt bokstaveleg trur han kan kjempe mot vindmøller, og at han ved å sjå det reine i det skitne og det vakre i det stygge kan nedkjempe all krig og vondskap. Han elskar ei fattig lågklassekvinne med ein rein kjærleik, og han har sitt usvikeleg trufaste følgje i tenaren Sancho Panza. Mykje rart, vakkert og brutalt går føre seg i dette forteljaruniverset, som òg har ei ytre rammeforteljing om Cervantes’ sjølv, i ei tøff knipe overfor ein inkvisisjon.
Oppsetjinga frå Opera Nordfjord har eit framifrå orkester og eit handplukka ensemble som godt kan ende fordomen om at operasongarar, som dei fleste av dei er, ikkje kan spele «vanleg» teater. Espen Langvik (Don Quixote), Jan Erik Fillan (Sancho Panza), Eli Kristin-Hanssveen (Aldonza) og ja, dei alle, har både i spel og i imponerande nyanserik røystbruk full dekning for rollene, og dei gjer eit muskuløst fellesløft i same retning med omsyn til stemning og stadkjensle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.