Musikk

Kraft og ynde

Open Secret er ei fin trioplate med utfordringar til lyttaren.

Olga Konkova har gjeve ut ny plate med den faste trioen sin.
Olga Konkova har gjeve ut ny plate med den faste trioen sin.
Publisert

Olga Konkova er attende på Losen Records med den faste trioen sin og eit dusin nye låtar etter liveinnspeling på tyske Dreyer Gaido i fjor. Trioen var hjå Vidar Lunden på Musikkloftet i Asker dagen etter at Noreg koronastengde.

Låtmaterialet sveiper innom ulike sjangrar, tempi og uttrykk, men Konkova har eit spesielt varmt hjarte for det mollstemte. Ho nyttar pausar effektivt i «Discovering The Truth», og det gjev låten eit sterkt meditativt preg.

Pianostilen hennar er ein kombinasjon av kraft og ynde. Det er ein sjølvtrygg klarleik i spelet, og ho blir ofte dregen mot den lægre delen av registeret, noko som stundom gjev uttrykket eit dystert preg.

Elpianoet nyttar ho i hovudsak til å fargeleggja. Det er gjort på elegant vis i den raske «Grande Capitano». Her viser også Konkova temperament i pianokoret, noko ho kunne ha varta opp med oftare på plata. Dialogen med Husband på slutten av låten er også eit høgdepunkt på plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement