Kostymekomedie
Galen gresk meisterregissør skapar skøy i britisk storfilm.
Rachel Weisz (t.v.) som Sarah og Olivia Colman som dronning Anne i dette kongelege kostymedramaet.
Foto: 20th Century Fox
Når ein slepper laus Yorgos Lanthimos på det britiske monarkiet, ber ein ikkje om ei seriøs skildring. Han viser dronning Anne (Colman) frå 1700-talet liten nåde. Den sjuke monarken blir styrt av Sarah (Weisz), men då kusina hennar, Abigail (Stone), kjem på slottsdøra for å arbeide som tenestejente, siktar ho mot ein framskoten favorittposisjon. Dei tre sjonglerer samstundes fjollete fyrar frå whigar og toryar i korthuset Storbritannia.
Historiehersing
Det historisk korrekte står ikkje i vegen for ei forfriskande forteljing, men mykje her er basert på verkelege hendingar, sjølv om trekantdramaet om makt kanskje ikkje var like seksuelt krydra i røynda. Dialogen er vulgær og grotesk, truleg ikkje språkhistorisk presis, men grådig gøy. Heseblesande barokkmusikk held tempoet oppe. Kamerakøyringane i det overdådige slottet er forvitnelege. Produksjonsdesignen er kosteleg med framifrå fargar og lyssetting pluss glitrande kostyme.
Alltid absurd
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.