Kunst
Kortspelarane
«Kortspelarane», 1892–95.
Courtauld Gallery
«Kortspelarane» er eit av verka i Cézanne-utstillinga som no vert vist i Bergen. Dette er eitt i ein serie med fem måleri med dette motivet, kvart av dei selde for enorme summar og spreidde vidt utover. Serien er rekna som heilt sentral i produksjonen til franskmannen, rett og slett eit omdreiingspunkt i kunsthistoria. Versjonen som er stilt ut i Bergen, var faktisk i si tid på norske hender, eigd av skipsreiaren og kunstsamlaren Jørgen Breder Stang (1874–1950). Stang tilbaud både «Kortspelarane» og verk av Gauguin og Renoir for å dekke ein straffeskatt etter første verdskrigen. Likningssjefen sa nei, og verka vart sørgjeleg nok selde til utlandet. «Kortspelarane» vart kjøpt av den engelske samlaren Samuel Courtauld (1876–1947).
Når ein står føre «Kortspelarane», kan ein undre seg over kvifor nett dette verket vart så berømt. Her ser vi to menn lute seg over seg over korta sine ved eit lite kafébord, dei urørlege positurane deira speglar kvarandre. Stemninga er kvardagsleg, her er det lite som står på spel. Det er eit enkelt, nærast banalt bilde som eigentleg er lett å gå forbi.
Det er nettopp det enkle som gjer verket stort. Dei fem versjonane av kortspelarane vart samla i ei utstilling ved Courtauld Gallery i London i 2010 og i MOMA i New York året etter. Bevarte skisser viser det omfattande arbeidet med å få komposisjonen til å klaffe. Motivet har fleire forbilde i eldre kunst. Karakteristisk for dette sjangermotivet er skildringa av ei handling, helst eit bedrageri, som vi ser i «Le Tricheur à l’as de carreau» (1620–1640) av Georges de La Tour.
Også den første versjonen til Cézanne er forteljande, om enn ikkje like dramatisk som bilda frå barokken. Gjennom nitidig skissearbeid ser vi korleis kunstnaren forenklar og destillerer, kjempar med motivet, til det som står att er former på ei flate, der kvar linje fell saman i ein større heilskap. Verket viser kor mykje arbeid som ligg bak ei god forenkling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.