Musikk

Kornstads konsept funkar

Opera- og jazzprosjektet til Håkon Kornstad er tilført meir spirit og nerve.

Publisert

I drivhuset eller laboratoriet synest Håkon Kornstad å trivast. Miksen mellom jazz og opera har vore varemerket hans heilt sidan han «såg ljoset» i 2009. Oppdaginga av kunstforma opera i New York og påfølgjande operastudiar ved Musikkhøgskulen i Oslo er velkjende.

Sidan Tenor Battle (2015) har Kornstad bytt trommer og trøorgel med akkordeon. Bassen og bassisten, Mats Eilertsen, er den same. Musikkutvalet er henta frå eit breitt spekter av komponistar. Berre italienske Paolo Tosti har fått ny tillit. Sjølv om utgangspunktet er mykje likt utgjevinga for tre år sidan, er uttrykket svært annleis.

Nærværet

Skilnaden ligg først og fremst i måten trioen jobbar på. Dei tre stemmene er tett integrerte. Temaa blir kontinuerleg kommenterte av akkordeon og bass, og dei improviserte sekvensane er ein likeverdig samtale. Eg må tilstå at eg undervegs har teke meg i å sakna klangteppet som blei skapt av trøorgel, bass og trommer på den førre plata. På Griegs «Stambogsrim» og Schuberts «Du bist die Ruh» vert dette dels gjenskapt, men det er nettopp nærværet i samtalen og dynamikken i uttrykket som gjev prosjektet til Kornstad ein ny dimensjon.

Hawkins

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement