Musikk
Korleis det er
Jeff Tweedys songar appellerer til medmennesket i oss.
Jeff Tweedy slik han framstiller seg sjølv på plateomslaget.
«Eg veit korleis det er å ikkje kjenne smerte», syng Jeff Tweedy i det som må vere ein av årets finaste songar, «I Know What It’s Like», på albumet WARM, som kjem ut i dag.
Populærmusikken manglar ikkje songar om dei store, overveldande kjenslene: sakn, kjærleik, sjalusi, kjærleikssorg. Sjeldnare høyrer du ein låt om det å kjenne seg lamma og avstumpa, slik Tweedy sjølv gjorde då han enda opp med å verte avhengig av smertestillande tablettar og fekk eit alvorleg rusproblem for nokre år sidan.
Rett fram
Når eg den siste tida har lytta så mykje til Tweedy, er det fordi eg ikkje berre har høyrt på dei nye songane han har laga, men også på boka han nett har gitt ut, memoarboka Let’s Go (So We Can Get Back), som føreligg som lydbok, lesen av forfattaren sjølv.
Som forteljar har Tweedy mange av dei same kvalitetane han har som låtskrivar. Han er ærleg, rett fram og byr på ein tidvis dyrekjøpt visdom i ei liketil røyst som aldri vert sjølvhøgtideleg. Morosamt er det også, ofte, for det dreier seg om ein forfattar som kan forvalte det anekdotiske materialet på ein lakonisk, snarare enn ein melodramatisk, måte.
«Eg veit korleis det er» er kjernen i ein empatisk uttrykksmåte. Sjølv når dei ikkje seier det så direkte, sirklar fleire av songane på WARM rundt ei slik vending mot lyttaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.