Teater

Kor absurd var det absurde teateret?

Omkring det absurde er ein fascinerande og utdjupande antologi over absurdismedramatikken.

I 1950 vart det absurde teateret lansert i Noreg med «Hushjelpene» av Jean Genet på Det Nye Teater. Frå venstre: Wenche Foss, Gunvor Hall og Marit Halset.
I 1950 vart det absurde teateret lansert i Noreg med «Hushjelpene» av Jean Genet på Det Nye Teater. Frå venstre: Wenche Foss, Gunvor Hall og Marit Halset.
Publisert

Sjangeren «det absurde teateret» var for førre teatergenerasjon den store opprøraren i europeisk kulturliv. I relieff mot det såkalla normale teateret, med «normal» handling og «normale» dialogar, vart denne dramatikken prega av at alle realistiske og klassiske element som kunne identifiserast, vart bytta ut mot sjølvmotseiande gjerningar og replikkar. Klassiske intrigar vart gjerne erstatta av paralysert handlingsløyse, og psykologisk funderte rollekarakterar vart fortrengde av gåtefulle, introverte figurar, ofte ramma inn i rituelle og tvangsmessige tale- og handlingsmønster.

Fransk teater

Professor Kjell Helgheim, som har omsett og valt ut eit knippe stykke frå denne teaterepoken, poengterer i etterordet det påfallande at mest alt vesentleg innafor absurdismedramatikken oppstod i fransk teater, og i særleg høg grad hos dramatikarar som ikkje var franskfødde. Nett det tillærte franske språket kan da ha vore ei drivfjør mot eit nytt teateruttrykk. For nett språk, kommunikasjon og ikkje minst mangelen på kommunikasjon syner seg å vere eit sentralt element i absurdismestykka, også i dei som er tekne med i Omkring det absurde.

Dei mest kjente absurd­dramatikarane i Noreg er nok Samuel Beckett og Eugene Ionesco. Dei er båe representerte i antologien, men ikkje med dei mest spelte stykka. Av Beckett er det Vente på Godot og av Ionesco er det nok Den skallete sangerinnen vi kjenner best frå scena. Når Helgheim har valt andre tekster av dei, er det nok nett av di han vender seg mot eit lesande publikum. Han understrekar at tekster skrivne for teater oftast gjennomgår ganske omfattande tilretteleggingar på vegen mot framsyning, og at han difor har vendt tilbake til originaltekstane for å gi omsetjingar som ligg så nære opp mot forfattarane sine verk som mogleg. Slik sett kan vi nok rekne med at dette tekstmaterialet ikkje nødvendigvis er retta mot teateroppsetjingar.

Utskjelt TV-teater

Boka opnar med ein einaktar av Jean Anouilh. Han er i utgangspunktet ein heilt tradisjonell dramatikar, og stykket Orkesteret er òg ein heilt konkret liten tragikomedie med lett forståelege situasjonar og karakterar. Men Anouilh hadde ein lang karriere og vart openbert inspirert av svingingar i den nyare teaterhistoria. Orkesteret er ikkje typisk absurd, men har klåre absurdistiske undertoner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement