Kongefilm
Kongens nei er ei levandegjord historie med sterke rolleprestasjonar.
KRIGSDRAMA
Regi: Erik Poppe
Kongens nei
Med: Jesper Christensen, Anders Baasmo Christiansen, Karl Markovics
Over nokre få dagar i april 1940 lyt regjeringa Nygaardsvold og kong Haakon (Christensen) ta stilling til det tyske åtaket på Noreg. Søkkinga av krigsskipet «Blücher» ved Drøbaksundet vert vendepunktet der tyskarane set press på forhandlingane. Vidkun Quisling har utnemnt ny regjering med støtte frå tyskarane. Den tyske diplomaten Curt Bräuer (Markovics) er sendemann i Noreg og får løyve frå høgste hald, Hitler sjølv, til å prøva overtala kongen til å overtala regjeringa til å gje frå seg makta for å hindra at liv går tapt. Kongens nei tek for seg desse dagane og særleg samtalane mellom kongen og kronprinsen. Kva som skjedde, veit me, men korleis, det er det Poppe gjev oss ein mogleg versjon av. Historieskriving Som Max Manus (2008) er Kongens nei også eit dokudrama om Noreg i krig og kva som ligg bak – ei levandegjering av folka frå historiebøkene. I kor stor grad Erik Poppe har teke seg fridomar, har eg ikkje føresetnad for å seia, men det er i aller høgste grad profilerte menneske han tek for seg. Utanom dei kongelege har eg ikkje klare forventningar om korleis folk burde sjå ut, så det er lett å lata seg overtyda om at sånn må det ha gått føre seg. Orda som blir ytra til dømes før kanonane går av mot «Blücher», er også om lag som eg har høyrt dei føre meg: som eit slags radioteater. Ein replikk etter den andre vert teatralsk framførd utan nøling, stotring eller avbrot. Det lovar ikkje godt, men heldigvis blir fordomane gjorde til skamme.
Far–son
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.