¿ Kona fer i strid
Etter Stabukker står ei sta kvinne klar til å stå imot eit suspekt samvirkelag.
Mjølkebonden Ingibjörg (Arndís Hrönn Egilsdóttir) kjem i ei knipe då mannen døyr.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Lytt til artikkelen:
Den islandske regissøren Grímur Hákonarson held fram med å rette søkjelyset mot bygder og husdyrhald etter suksessen med Stabukker i 2015. Her får du møte mjølkebonden Ingibjörg (Egilsdóttir). Ho kjem i ei knipe då mannen døyr. Den lojale samvirkelagsmannen var godt likt av alle, men få visste at han var tvinga til å tysta på alle som trassa systemet. Når enka skjønar det, blir ho vreid. Det manglar ikkje på menn som meiner ho misforstår, men nåde stabukken som leikar småkonge hjå samvirket.
Få fakter
Arndís Hrönn Egilsdóttir spelar hovudrolla utan store fakter. Ho har eit roleg raseri som det er lett å like. Nye vendingar i kjenslene til figuren kjem effektivt og nyansert fram i andletet. Ho er steike god. Det gjeld fleire kjende fjes frå den rike islandske filmsoga frå nyare tid. Sigurdur Sigurjónsson er super som forsiktig brautande byråkrat. Han hadde hovudrolla i Stabukker og leverer stabilt. Nedtona realisme dominerer, men stilla går over i passande musikalsk murr når det røyner på. Fint fotografi av kaldt landskap og vêrbitne andlet må med. Nokre skulda førre film for å gjere Island eksotisk, men Melkekrigen er eit moderne drama.
Føydalt fellesskap
Ingibjörg og mannen høyrer gjerne på vinylplater og les papiravis (hurra!), men aktivisme kan like gjerne skje med Facebook som med gjødselspreiar. Mjølkemaskinene finn jura sjølve medan ein robot syg fjøsgolvet for skit. Å vere bonde krev hardt arbeid og djup gjeld. Når felleskjøpet har fleire føydale enn sosialdemokratiske trekk, skurrar det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.