Film

Kompleks dokumentarfilm om komplisert mann

Grunnleggjaren av Wikileaks, Julian Assange, er ingen lett mann å lage film om.

Julian Assange har vore med på å endre verda.
Julian Assange har vore med på å endre verda.
Publisert

Dokumentarfilmskapar Laura Poitras vann Oscar for filmen Citizenfour (2014), om varslaren Edward Snowden. Snowden lurer i bakgrunnen også i den nye filmen hennar, Risk. Men denne gongen har Poitras retta kameralinsa mot ein annan varslar, Julian Assange, mannen bak Wikileaks, og ein komplisert figur på alle måtar.

Som for Citizenfour er styrken til Risk den nærgåande forma, kor tett Poitras er på rollefigurane. Det er samtalar mellom henne og Assange, og ingen intervju med eksterne personar. Dette set krav til ein viss forkunnskap rundt han og Wikileaks-prosjektet.

Risk er derfor ingen lett dokumentar. Poitras gir lite eller ingen klargjerande informasjon som set det heile i kontekst. Handlinga er sånn sett rotete og fragmentarisk. Men nettopp det forteljande «rotet» er det som gjer filmen til ei sannferdig og interessant utforsking – ikkje berre av Assange og miljøet hans, men også den kreative prosessen til filmskaparen.

Det har vore mange skjer i sjøen sidan Poitras begynte å filme Assange tilbake i 2010. Dei to har eit komplisert forhold, som når Poitras sjølvrefleksivt kommenterer at Assange ikkje likar henne, jamvel om han stolar på henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement