Film

Kolonitrist

The Nightingale er medrivande og nedrivande på ein oppbyggjeleg måte.

Clare (Aisling Franciosi) jaktar på general Hawkins i dei tasmanske skogane.
Clare (Aisling Franciosi) jaktar på general Hawkins i dei tasmanske skogane.
Publisert

Tasmania, 1825: Straffangar frå dei britiske øyane vart sende vidare frå Australia for å vera med i nedslaktinga av aboriginane. Clare (Franciosi) slavar bokstaveleg talt for general Hawkins (Claflin) medan ho ber rundt på babyen sin og ventar på at ho og mannen skal få lauslatingspapira sine. I staden klikkar det for generalen, og i vreide drep han og lakeiane hans mann og barn og fer nordover. Ho har ingenting å tapa, men treng hjelp frå ein som kjenner landet (Ganambarr), om ho skal finna att generalen og ta hemn.

Kvitskam

The Nightingale er som eit forferdeleg eventyr, ein western på minst glamorøse vis, ein historietime du ikkje klarar lausriva deg frå. Historia til urfolk er aldri lystig lesnad, heller ikkje kolonisering. Kven har høyrt soga om dei snille kvite imperialistane som berre ville vera vener med dei som allereie budde på stadene som vart «oppdaga»? Historia til Australia er ekstra fascinerande for oss kvite, då landet vart bygd opp av straffangar frå Storbritannia og Irland i tillegg til dei få gjenlevande aboriginane. I 50- og 60-åra var irar nesten like uglesette som svarte i England, der ein kunne sjå skilt utanfor hotell med teksten «No Blacks, No Dogs, No Irish». Og apropos hundar, så er me alltid glade i ei historie der underdogs slår seg saman mot den samla fienden. Og det er akkurat det som driv The Nightingale framover på mest fengande måte.

Historia tru

Den førre filmen av regissør Jennifer Kent er å finna i ein ganske så annleis sjanger, nemleg skrekkfilmen The Babadook (2014). Han er nydeleg filma og klipt av same mannskap som på The Nightingale: Radek Ladszuk på foto og Simon Njoo på redigering. Eg er ikkje generelt begeistra for kostymedrama, men her er noko radikalt annleis: Kleda er ikkje elegante, dei ser grove og stikkete ut, folka er sveitte og skitne og med stygge tenner, ikkje berre på slemmingane. Dette står nok meir i samsvar med røynda enn det ein vanlegvis ser i historiske filmar. Så er heller ikkje dette eit forsøk på å pynta på noko som helst, det var ikkje anna enn ei grim tid for dei aller fleste på den ville fengselsøya.

Formidabelaktig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement