Kokken som brukte mat som døropnarAnthony Bourdain hadde ein sylskarp penn og ei endå skarpare tunge.
Anthony Bourdain hadde ein sylskarp penn og ei endå skarpare tunge.
Anthony Bourdain (1956–2018).
Foto: Andy Kropa / TT / NTB scanpix
Førre veke døydde kokk og journalist Anthony Bourdain. Han tok livet sitt i Frankrike, der han var for å spela inn ein ny episode i matreiseserien Parts Unknown.
Bourdain har meir eller mindre styrt reisene mine og kva eg har ete dei siste fem åra. På bryllaupsreisa vitja me ein av favorittrestaurantane hans, Arzak, i San Sebastian. I London passa me på å eta beinmarg på St. John, nett som Anthony. Når eg planlegg ei reise, er det fyrste eg tenkjer: Kva ville Anthony ha ete her?
I godt over 250 reiseepisodar har han med sterk karakter og alltid undrande farta rundt med mat som døropnar til kultur, historie og politikk.
Bourdain viste at mat er eit forsonande middel. Han braut brød med menneske han var djupt ueinig med.
– Du lærer mykje om nokon når de deler eit måltid, sa han.
På reiser levde Bourdain etter det han kalla «bestemorregelen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.