Kokken som brukte mat som døropnar
Anthony Bourdain hadde ein sylskarp penn og ei endå skarpare tunge.
Anthony Bourdain (1956–2018).
Foto: Andy Kropa / TT / NTB scanpix
Førre veke døydde kokk og journalist Anthony Bourdain. Han tok livet sitt i Frankrike, der han var for å spela inn ein ny episode i matreiseserien Parts Unknown.
Bourdain har meir eller mindre styrt reisene mine og kva eg har ete dei siste fem åra. På bryllaupsreisa vitja me ein av favorittrestaurantane hans, Arzak, i San Sebastian. I London passa me på å eta beinmarg på St. John, nett som Anthony. Når eg planlegg ei reise, er det fyrste eg tenkjer: Kva ville Anthony ha ete her?
I godt over 250 reiseepisodar har han med sterk karakter og alltid undrande farta rundt med mat som døropnar til kultur, historie og politikk.
Bourdain viste at mat er eit forsonande middel. Han braut brød med menneske han var djupt ueinig med.
– Du lærer mykje om nokon når de deler eit måltid, sa han.
På reiser levde Bourdain etter det han kalla «bestemorregelen».
– Det beste eg kan gjera, er å vera ein god gjest. Eg prøver alltid å oppføra meg som om eg er i heimen til bestemor. Eg kan hata maten hennar, og ho kan vera ein konservativ dust, men eg vil likevel eta to porsjonar, smila og seia takk, bestemor, dette smakte.
Denne haldninga gjorde han velkommen inn i heimar over heile verda. Han laga episodar frå Iran, Saudi-Arabia, Vestbreidda og Jerusalem, og viste fram vanlege menneske.
– Å møta folk gjev eit heilt anna inntrykk enn det ein får av å lesa om dei i media. Til dømes vart eg varta opp som ein konge i Teheran, sa Bourdain.
På skjermen var Anthony som ein kul, litt farleg kjenning. Han var full av gullkorn og raske replikkar. Med ein typisk newyorksk sensibilitet vart han fort den tøffaste typen i rommet – òg gjennom skjermen.
Bourdain hadde ein sterk artistisk visjon med seriane sine. Han ville ikkje laga den same episoden to gongar, men finna nye vinklingar og perspektiv. Dette gjer sjåargleda stor.
Då han nyleg reiste til Hongkong, arbeidde han saman med Christopher Doyle, som er den faste kameramannen til den kjende regissøren Wong Kar-wai.
Ein episode frå Roma er i svart-kvitt, som ei heidring av den italienske filmgullalderen.
Han såg på byar med nye augo. I ein episode frå Los Angeles tok han berre for seg dei koreanske innbyggjarane.
– No er eg instinktivt imot å arbeida kynisk, som å produsera noko dårleg fordi ein veit det sel. I store delar av karrieren min har eg laga mat eg ikkje likte, til folk eg ikkje brydde meg om, for sjefar eg hata.
Anthony Bourdain kom frå New Jersey og snakka varmt om familien sin. Han var rebelsk og fasinert av forfattarar som Hunter S. Thompson og William Burroughs.
Som rotlaus ungdom fekk han tilfeldigvis jobb i oppvasken ved ein restaurant og fekk snart augo opp for livsstilen til kokkane. Dei arbeidde hardt, festa hardare, hadde draget på damer og eit sterkt samhald seg imellom. Oppi det heile fekk dei jobben gjord.
Bourdain utdanna seg til kokk og arbeidde 28 år på kjøkenet, men vart aldri meir enn ein middelmåtig kokk – sa han sjølv. Så er han då mest kjend for å eta mat, ikkje laga han.
Eit livsendrande barndomsminne var då han på familieferie til Frankrike slukte ein rå østers.
– Alt som fylgde i livet mitt, skulle koma frå denne augneblinken.
Suksessen kom ikkje før i år 2000, men då over natta. Bourdain gav ut boka Kitchen Confidential (Kokkejævler) som viser skuggesida av kokkebransjen. Her fortalde han mellom anna om kvifor du aldri må kjøpa sushi på ein måndag, og farane ved å bestilla biffen well done.
Den raske suksessen gjorde nok òg at Bourdain ikkje tok han for gitt. Som han fortalde Marc Maron i 2011:
– Suksessen kan vera over i morgon. Frityrgryta er aldri langt vekke.
Nokre stadar kom han attende til fleire gongar. Ein av desse var San Sebastian, ein hamneby i Baskarland. Byen er kjend for maten sin, og Anthony Bourdain har sagt at dette er staden han vil døy.
Eg var sjølv i San Sebastian, nærare sagt på pintxosbaren Zeruko, då eg fekk meldinga om sjølvmordet til Bourdain. Her hadde eg aldri vore utan påverknaden hans.
– I ei perfekt verd, i eit anna liv, vil eg bu i San Sebastian, sa han i ein episode av No Reservations.
May Linn Clement
May Linn Clement er fast teiknar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.