Musikk
Klingande historie
Stefan Donner gjev lyd til ein luksuscembalo frå 1745.
Dulckens cembalo har to manual og fire register (strengesett).
Foto: Kunsthistorisches Museum Wien
Denne utgjevinga fokuserer korkje på utøvaren eller komponisten, men på instrumentet: ein cembalo av Johannes Daniel Dulcken (1706–1757) frå 1745, ein av få i Wiens kunsthistoriske museums musikkinstrumentsamling som er i god nok stand til at konsertar kan spelast på han.
Tyskaren Dulcken slo seg i 1738 ned i den belgiske hamnebyen Antwerpen, der han slo seg opp som klaverinstrument- og flaskemakar. Om nokre av flaskene er bevarte, veit eg ikkje, men til saman sju av klaverinstrumenta hans finst framleis.
Jaktscene
Det i Wien må reknast som ein luksusmodell. To manual og fire register (strengesett), som kan slåast av og på gjennom små spakar, mogleggjer rask veksling mellom ulike klangstyrkar og -kvalitetar. Slikt er ein føremon på cembaloar, der tonestyrken innanfor eitt og same register ikkje kan varierast – ulikt det seinare hammarklaveret (forløparen til vårt moderne klaver) kling tonen like sterkt uansett kor hardt ein trykkjer tangenten ned.
Men det er ikkje berre lyden som gjer Dulcken-cembaloen i Wien så attraktiv. Instrumentet er eit kunstverk for augo. Den horisontale klangbotnen under strengene er prydd med roser og tulipanar, og innsida av loket har eit måleri med ei adeleg jaktscene. Me ser jakthundar og jegerar til hest framfor ein kanal og ein park som tykkjest vera del av eit slottsanlegg à la Versailles.
Klangnyansar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.