Musikk

Klassisk norsk dansemusikk

Håvard Svendsrud har alltid god balanse mellom det avslappa og det virtuose.

Publisert Sist oppdatert

Håvard Svendsrud er ein svært aktiv trekkspelar og formidlar. I 2013 overtok han plateselskapet Aksent etter Kåre Korneliussen, som etablerte selskapet i 1965. Svendsrud har kombinert utgjevingar med seg sjølv som utøvar med utgjevingar av verdfullt arkivmateriale. Mykje av dette er gamaldans og annan folkeleg musikk, men på den førre plata serverte Svendsrud klassisk musikk av Händel, Rameau, Haydn, Scarlatti og Weber.

På denne utgjevinga er det norske klassiske runddanskomponistar som vert presenterte: Toralf Tollefsen, Harald Henschien, Kåre Korneliussen, Erling Eriksen og Ole Rønning. Felles for alle komposisjonane er at det er dansbar musikk som er lett tilgjengeleg for dei fleste: lystige melodiar og konvensjonell harmonikk. Likevel er mykje av det musikk som er svært krevjande å utføra, men det virtuose vert aldri dominerande. Og det er nettopp denne balansegangen Svendsrud meistrar så godt uansett sjanger. Han kombinerer eit imponerande teknisk overskot med ei ro i spelet som gjer at musikken aldri verkar stressande, sjølv om det kan vera høg grad av intensitet både i rytmikken og melodiføringane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement