Musikk
Klasseskilnad
Så ulikt kan Edward Elgars fiolinkonsert tolkast.
Den franske fiolinisten Nicolas Dautricourt.
Foto frå heimesida til artisten
Engelskmennene, stakkars, har ikkje så mange store komponistar. Henry Purcell var genial, men etter at han døydde på tampen av 1600-talet, skulle det ta over 150 år før England avla ein komponist av internasjonal rang: Edward Elgar (1857–1934), som i dag er mest kjend for Pomp and Circumstance («Land of Hope and Glory»).
Elgar har ein eigen engelsk attraktivitet ved seg. På den eine sida er det noko klangleg klårt og nesten naivt optimistisk ved musikken hans som vel kan tilskrivast kjærleiken til Händel. På den andre sida er komposisjonsteknikken grundig som hjå tyskarane; romantikaren Schumann skal ha vore hans største ideal. Fiolinkonsert i h-moll, op. 61, rommar begge aspekta.
50 innspelingar
Den uvanleg lange konserten er mellom dei teknisk mest krevjande for instrumentet. Etter urframføringa i 1910 blei han straks ein publikumssuksess. Verket heldt seg på konsertrepertoaret gjennom heile 1900-talet, også i tiåra etter andre verdskrigen, då Elgars noko pompøse stil blei avleggs. Meir enn 50 plateinnspelingar finst, og her skal det dreia seg om to som kom i fjor: den fyrste med franskmannen Nicolas Dautricourt og BBC National Orchestra of Wales, den andre med norske Vilde Frang og Deutsches Symphonie-Orchester Berlin.
Uturvande bremsing
Fyrstesatsen «Allegro» har ein lang orkestereksposisjon, der alle dei musikalske temaa kjem i tur og orden før solisten entrar scena. Begge orkestera spelar bra. Walisarane, dirigerte av Frédéric Chaslin, har ein noko slankare klang og luftigare artikulasjon enn berlinarane, som under Robin Ticcati presenterer rekkja av musikalske idear i éin kraftfull, organisk flyt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.