Bok

Klarsynte Selma

Sesong etter sesong sit vi klistra til TV-skjermane for å sjå klarsynte lytte til dei døde og formidle meldingar til oss levande. Ei god spøkelseshistorie ser ikkje ut til å gå av moten. No satsar Samlaget og Leser søker bok i fellesskap på ein ny serie med lettlesne grøssarar for ungdom, Grøss og gru.

Saman med mor og storesyster Ida flyttar Selma inn i eit avsidesliggjande hus som mora har arva. Selma er klarsynt. Dei døde viser seg for henne. På loftet finn søstrene mora si platesamling. I kjellaren står ein platespelar. Cyndi Lauper syng «Time after time» som eit omkvede gjennom boka. Saman med rytmen i det korthogde språket skaper musikken ei suggerande stemning som gjev assosiasjonar til David Lynch-klassikaren Twin peaks.

Den andre søstera er eit godt portrett av ei ung jente som strevar med evnene ho har fått. Som grøssar har forteljinga for mange lause trådar. Eg les boka meir som ein psykologisk thriller med sanselege, skremmande skildringar av syna til Selma.

Selma er ein truverdig karakter. Det som skjer, er sant for Selma. Kan vi tru på dei klarsynte?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement