Musikk
Klanglege ytterpunkt
Camilla Tilling og Håvard Gimse framførte songar med utsyn til Griegs komponisthytte.
Troldsalen med Griegs komponisthytte i bakgrunnen.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Troldhaugen har to konsertarenaer: sjølve villaen frå 1885, og Troldsalen, som blei opna av kong Olav i desse dagar for 40 år sidan. Med sine 200 sitjeplassar tek han fire gonger så mange publikummarar som villaen. Måten det torvtekte bygget er plassert i landskapet på, minner om teatera til dei gamle grekarane, for tilskodarplassane fylgjer naturleg det skrånande terrenget ned mot scena.
Sceneveggen bak musikarane er ikkje massiv, men av glas, noko som utvidar scena perspektivisk med utsyn i skifterikt lys mot Nordåsvatnet og Edvard Griegs (1843–1907) raude komponisthytte. Denne lét han reisa i 1891 av di han ikkje fekk ro til å komponera oppe i villaen.
(Ein artig detalj om du kikkar inn i hytta, er den tjukke noteboka som ligg på pianokrakken. Komponisten var jo berre gode halvannan meter høg og trong Beethovens 32 sonatar for å nå opp til klaviaturet.)
Lang utan pause
Pianisten Håvard Gimse er fast gjest under Festspillene, medan den svenske sopranen Camilla Tilling i år vitja festivalen for fyrste gong. Dei framførte saman 25 songar av fem komponistar, i tillegg til at Gimse hadde ei soloavdeling med Geirr Tveitt (1908–1981). Sjølv om konserten var i lengste laget utan pause, gav den sympatiske duoen oss ei fin konsertoppleving, med fleire stykke som var nye for dei fleste. At me ikkje har tilgang på songtekstane under slike konsertar, er leitt. Sopranar er jo ikkje alltid like lette å skjøna.
Opninga og avslutninga var mest kjend: fyrst Sechs Lieder, op. 48, som Grieg komponerte til tyske tekstar av mellom andre Goethe og Heine i 1880-åra, og til slutt Fem sånger, op. 37, som er Jean Sibelius’ (1865–1957) tonesetjingar av mellom andre den finske nasjonalskalden Runebergs dikt. Klanglege ytterpunkt var Gimses priklande akkompagnement til Griegs «Lauf der Welt» (Verdas gang) og dei malmfulle akkordane i Sibelius’ «Flickan kom ifrån sin älsklings möte». Tillings klang- og uttrykkspalett var stor og tolkingane hennar herleg frie for manierismar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.