Teater
Kjønnskamp i kvitauget
Strindberg-klassikaren er stram i forma, men favoriserer mennene.
Svein Roger Karlsen i hovudrolla som rittmeisteren. Kirsti Stubø spelar kona Laura.
Foto: Pernille Sandberg
August Strindberg var sjølve kontrasten til samtidige Henrik Ibsen når det galdt å dikte om tilhøvet mellom menn og kvinner. Trass i at dei eigentleg båe skreiv om kvinner som triumferte over menn, var det hjå Ibsen aldri mannen som gjekk av med medynk og sympati.
Det er det til gagns hjå Strindberg, og ikkje minst i det såkalla sørgjespelet Faderen, som har synt seg å engasjere om att og om att, tvers gjennom samfunnsutviklinga som har gjort Skandinavia til ein av verdas mest likestilte arenaer.
Stykket har gjerne vore lese som antifeministisk, men det loddar sjølvsagt djupare enn som så. Det er òg historia om eit kjærleiksforhold som er øydelagt i mistillit. I eit nøtteskal vert det til: Korleis kan to halde saman som ikkje lit på kvarandre? I dette tilfellet går den eine parten til grunne, og det er mannen.
Markant problem
Eirik Stubø har ein regiprofil mest like karakteristisk gjenkjenneleg som ein teiknar eller skulptør. Han skjer gjerne klassikarane inn til beinet, ofte lågmælt, nøkternt spel utan uttrykkeleg emosjon, og nærast stilisert visuelt uttrykk. Nokre gonger får dette fjetrande resultat, men ikkje alltid. I oppsetjinga hans av Faderen er det både og: Her er det augneblinkar det gneistrar av, men òg passasjar som går over i det anonyme.
Det mest markante problemet med framsyninga er problemet Stubø deler med dei fleste som set opp klassikarar i norsk teater: Ein er redd for det museale preget ved å la stykket gå føre seg i si eiga samtid, og så må ein flytte det til vår tid. Men sjølv om dei menneskelege konfliktane kan oppstå også i dag, finst det ytre statustilhøve ved personane i gamle stykke som ikkje lèt seg plassere i 2022.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.