Film

Kjende filmland og forfriskande sjangerleik kjenneteiknar filmåret for meg, skriv Håkon Tveit. 

 

Jette Søndergaard spelar hovudrolla som sjukepleiar i filmen til Frelle Petersen.
Publisert Sist oppdatert

Eg har ofte iranske filmar som kinofavorittar. I år har eg to som skil seg ut med fine vriar på dei smarte dramaa eg er så glad i. Frøet fra det hellige fikentreet av Mohammad Rasoulof glir over i spennande thriller som tar kritikken av det grufulle regimet til nye høgder.

Unge kvinner leverer i historia og i hovudrollene. Det gjer òg dei eldre. En liten bit av kaken av Maryam Moghadam og Behtash Sanaeeha er ein slags romantisk komedie om ei singel enke på sytti. Eg blei enormt sjarmert og rørt.

Andre trakter

Asia har fleire store filmland. Med Black Dog laga Hu Guan ein forbausande flott film noir møter Lassie, eller ein morosam moderne western om laushundar og OL i Beijing. Med All We Imagine as Light tok indiske Payal Kapadia steget til fiksjon, men langt frå Bollywood. Filmen er poetisk, og brukar eit draumlikt, vakkert filmspråk for å skildre ulikskap av forskjellige slag gjennom to sjukepleiarar i Mumbai.

Helsearbeid er òg tema i danske Hjem kjære hjem av Frelle Petersen, med briljante Jette Søndergaard i hovudrolla. Stilen er enkel, men effekten av historiene frå heimesjukepleia er sterk. Eg grein. Det gjorde eg òg under Sorry, Baby av Eva Victor frå USA. Victor har laga ein smart og subtil film om overgrep i universitetsmiljø. Språk og stil er uhyre presise. Filmen er morosam òg.

Sjangrar skin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement