Teater

Kjem vi til havsens botn?

Vildanden har varme karakterar, men hierarkiet veiknar.

Heile ensemblet på scena.
Heile ensemblet på scena.
Publisert

Av alle Ibsens skodespel er nok Vildanden det mest hjartegripande. Kan hende er det òg det mest geniale, av di det på uforklarleg vis koplar saman ei realistisk historie med eit totalt usannsynleg, draumeaktig eventyr. Ingen kan ha ein heil bondegard med levande dyr sperra inne på eit loftsrom. Men merkeleg nok, vi kjøper det. Vi kjøper òg alle dei halvgalne symbolske replikkane som ingen normale menneske ville tatt i sin munn.

På Nationaltheatret er no Vildanden avskilsproduksjonen til teatersjef Tømta. Tekstleg har ho ikkje gjort dei store grepa. Moderniseringa av replikkane er gjord med varsemd, kostyme og scenografi legg seg mot det tidlause, tilsynelatande. Anakronismen med det realistiske mot det urealistiske er følgd opp i scenebiletet. Ein sparsamt møblert Ekdal-heim har fått ein bakgrunn av skog med høge tre. Aktene vert innleia av korsong frå ensemblet, tonar frå den norske allsongkatalogen. Den einaste av desse som vert sungen med tekst, er sjølvsagt «En villand svømmer stille». Greitt nok.

Flat struktur

Om skodespelarane i denne tolkinga er å seie at alle har fått ut det oppriktige, det direkte og uforfalska som teksten legg opp til. Det som vantar, er for så vidt det same som i Tømtas Tsjekhov-produksjonar. Ho er glad i flat struktur. Ho læst ikkje like å flagge statusskilnader. Men i dette stykket er det folk som har misbrukt makt, folk som er vortne overkøyrde av andre, folk som vert oversette av dei næraste. Og den menneskelege innsikta er ikkje likt fordelt på dei alle. Da kan dei heller ikkje alle opptre med same sjølvsagte autoritet. Som Hjalmar Ekdal er Trond Espen Seim så dominant og suverent overlegen at det barnslege og nerdete ved han vert borte. Han er for kul. Sjølv om vi trur på det han seier, vert det umogleg å skjøne kvifor han seier det. Erland Bakker som Gregers Werle er òg for sterk og vital. Vi treng inntrykket av noko bittert og skadeskote for å godta det forskrudde ved han. Overfor denne Gregers kan ikkje grosserar Werle (Kim Haugen) yte nokon reell motstand.

Balanse

Lettare er det såleis for støtte-
rollene. Håkon Ramstad som Relling og Bjørn Skagestad som gamle Ekdal er båe i balanse med karakterane. Her får replikkane den tyngda dei skal ha. Kvinnene kjem òg betre ut av det. Tone Mostraum som Gina er ekte og kjærleiksfull både som mor og kvinne. Anne Krigsvoll er ei vaken og klårtsjåande fru Sørby. Men kvifor er ho denne gongen Berta for dei alle, medan dei fleste herrane enno er på etternamn? Helene Bergsholm har både det intelligente og det einsame ved Hedvig-karakteren på plass. Det er rørande. Men vi hadde gjerne sett ein sterkare desperasjon i kjærleiken til faren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement