Film

Kjekk tjukk tsjekkar

Sjarmerande familiefilm kjem frå ein stolt tsjekkisk animasjonstradisjon.

Hermann Tømmeraas er røysta til hovudpersonen Ben i den tjekkiske animasjonsfilmen.
Publisert Sist oppdatert

Ben (Tømmeraas) og kameraten Erik (Svaet Holter) er på veg inn i tenåra og spelar i band. På skulen har jentene forandra seg over sommaren. Gutane gjer store auge. Ben fell pladask for Klara (Nordmoen).

Heime hjå den støttande mora Miriam (Larsen) er det ein dyrehage med hund, ape, kameleon og andre vesen. Ben er ein racer på kjøkkenet, og elskar god mat, mykje. Ein visitt til helsesøstera resulterer i brev til foreldra. Det er ikkje berre jentene som er forandra. Ben er tjukk. Det merkar mobbarane på skulen òg. Guten må på diett.

Feit stil

I ei tid då animasjonsfilm er dominert av Pixar, Disney og dataanimasjonar som liknar, gler det meg når det kjem film som nyttar andre teknikkar på kino. To døme er vakre teiknefilmar som norske Titina (2022) av Kajsa Næss og den morosame, mørke Memoir of a Snail av australske Adam Elliott frå i fjor, med framifrå stop-motion-teknikk i leire.

Den tsjekkiske regissøren Kristina Dufková har nytta same metode i lune Leve stort, med dokker. Det er god grunn til å ha forventingar til tsjekkisk animasjon. Landet kan mellom anna skilte med legendariske Jan Švankmajer, kjend for filmar som Faust (1994), og ein inspirerande nestor for folk som Tim Burton. For ikkje å snakke om Muldvarpen til Zdeněk Miler!

I Leve stort har Dufková laga eit flott univers i ein tsjekkisk storby. Omgjevnadene og kleda er fulle av sirlege detaljar. Men det beste er alle dei fjonge figurane med artige fjes. Rikdomen i andleta gjev mykje snop å sjå på. Desse ber filmen. Dufková har òg gjort eit snedig val ved å gå over til 2D-animasjon når Ben fantaserer eller drøymer. All animasjonen fungerer utmerkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement