KjærleiksspråketKlakken skriv enkelt og innsiktsfullt om eit lada tema.DIKTLinda KlakkenDet fins et rom i meg som står tomt

Linda Klakken skriv enkelt og innsiktsfullt om eit lada tema.

Publisert

Frå eit utal vinklar grip Linda Klakkens dikt fatt i forelskinga og dei pirrande og forvirrande kjenslene i kjærleiken.

I Det fins et rom i meg som står tomt dyrkar poeten det heilt enkle, slåande og reinskorne uttrykket. Dikta strekkjer seg frå nokre få liner til maks to eller tre korte strofer, enkelte dikt spreier seg ut over enda litt fleire liner. Ikkje uventa vender dikta seg mot den utkåra, anten som sanseleg nærverande eller som eit nærver ein lengtar etter: «hver gang du holder/ blikket// kalver en del/ av fonna// i meg». Men som ein oppdagar, kan dikta vere like opptekne av kva som hender i den kjærleiksråka eg-personen.

Mørket lurar

Her møter ein både forelskinga, kjærleiken og redsla for å verte avvist. Kjærleikslyrikken kan vere eit problematisk terreng å ferdast i. Språket kan kjennast utilstrekkeleg. Og i mangel på gyldige uttrykk, er det lett å falle attende i dei vande spora, idealisere og gripe etter dei velkjende orda. Når Linda Klakken, som her, tek dei sterkt lada kjenslene litt ned og gjer det enkelt, får derimot orda verke i det vesle med ein eigen overtydande styrke. Eit gode er at alt ikkje berre er rosenraudt, i enkelte dikt lurar òg mørket.

Dikt for alle

Eit interessant trekk ved Klakkens kjærleikslyrikk er at samansmeltingsmetaforikken der to går opp i ei høgare eining, som er så etablert i kjærleikslyrikken, vantar. Det fortel oss at dette er ein moderne kjærleik, der lidenskapen støttar opp om sjølvmedvitet slik at båe polane i forholdet vert klarare: «jeg kler av deg/ lag for lag// til du ligner på/ deg selv».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement