Kjærleik under brennglaset Døskelands prosadikt opnar for det lyriske og biletskapande.ProsadiktTora Sanden Døskeland:

Døskelands prosadikt opnar for det lyriske og biletskapande.

Tora Sanden Døskeland debuterer med dikt om eit kjærleiksforhold i oppløysing.
Tora Sanden Døskeland debuterer med dikt om eit kjærleiksforhold i oppløysing.
Publisert

Tora Sanden Døskelands debutarbeid Behold meg består av prosadikt som utviklar eit forteljande stoff: Eit kjærleiksforhold mellom ei ung kvinne og ein ung mann er på veg mot oppløysing og sorga som følgjer. Utover den nokså konvensjonelle forteljinga er prosadikta prega av ein sans for dei registrerande setningane som borar i detaljane. Tekstane til Døskeland kan zoome inn på ei fluge som kryp over eit lår, eller panorere seg over eit større utsnitt og slik danne meir samansette sjikt av handlingar og bilete.

Minnebilete

Det bedande imperativet i tittelen peikar på ønsket ei kvinne har om å verte romma av noko, og redsla for at nokon gir slepp på henne. Når forholdet til slutt endar, vert tekstane avløyste av minnebilete av faren og glimt frå barndommen. Kvinna verkar kanskje passiv og konturlaus fordi ho er avhengig av at ein annan person skal gi henne ei endeleg og avslutta form, men avhengnaden uttrykkjer òg ein eksistensiell dimensjon, at mennesket er skapt for å vere i lag med andre. Skildringa av eit akvarium som vert tømt, rissa frå ein scene i symjehallen eller råda om korleis få til ein vellukka podekvist, leverer ulike bilete på det å fyllast, av nærleik, eit vesentleg omgrep i kjærleiksvokabularet.

Ja, det handlar om kjensler, om nærleik og distanse, som vert reflektert på fiffig språkleg vis hos Døskeland. For sjølv om tekstoverflata verkar distansert, litt kald og fjern frå all patos, er nett denne avstanden naudsynleg, han gjer at underteksten vert ladd med ekstra trykk. «Ikke gi følelsene navn. Du finner dem opp på den måten», står det i ein tekst, som om det var eit råd forfattaren sjølv har nytta. For snarare enn å namngi kjensler, gir Døskeland dei rom og spelar dei ut også utanfor kjærleiksforholdet, plantar dei om, til dømes i fysiske prosessar i omgjevnadane.

Nærleik

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement