JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kjærleik og forviklingar

Romanen er ein moderne sjanger, men også grekarane og romarane skreiv romanar, det vil seie lange prosaforteljingar med fiktivt innhald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3279
20191018
3279
20191018

Roman

Khariton:

Kallirhoe

Omsett frå gresk av Bente Lassen
Kanon-serien, Gyldendal

Mest kjend er Dafnis og Khloe, ei idyllisk historie om kjærleik i landlege omgjevnader. Goethe meinte boka var så framifrå at ein burde lese henne om igjen kvart einaste år, og ho er blitt illustrert av Chagall og gjort til ballett av Ravel. Dette er også den einaste gamalgreske romanen som hittil har funnest i norsk omsetjing. Romaren Petronius’ Satyricon er også kjend for mange. Boka vart filmatisert av Fellini og er nylig omsett til norsk av Kjell Arild Pollestad.

Med unntak for desse to har den antikke romanen vore lite påakta. Sjangeren hadde heller ikkje nokon høg status i si eiga tid. Til skilnad frå i dag var det sakprosaen, historieskriving, talar, brev og dialogar som hadde status som seriøs litteratur, fiksjonsprosaen brydde ein seg mindre om. Trass i det vart ei handfull romanar tekne vare på og kopierte i nye manuskript ned gjennom mellomalderen, og slik har dei nådd fram til oss.

I nyare tid har romanane også fått større merksemd frå forskarane: Standardboka The novel in antiquity vart skriven av rettleiaren min ved Universitetet i Bergen, no avlidne Tomas Hägg. Det kan tene som påminning om at humanistar ikkje treng tverrfaglege prosjekt med millionbudsjett og deltaking frå minst fire EU-land, workshop om prosjektsøknadsskriving, kurs i forskingsleiing og samanslåing til «robuste fagmiljø» for å «ta ut synergieffektar». Dei treng fred til å halde på med sitt.

Kallirhoe er den eldste av dei antikke romanane vi kjenner, frå det første hundreåret f.Kr. Heltinna med same namn er utruleg vakker. Ho vert gift med den utruleg kjekke Khaireas, men han blir narra til å slå henne i sjalusi. Alle trur ho er daud, ho vert gravlagd og vaknar opp i gravkammeret, ho vert bortført av gravrøvarar og seld som slave, og først etter tallause forviklingar vert dei to lukkeleg førte saman att. At historia endar lukkeleg, får vi vite alt i innleiinga, spenninga er knytt til korleis det skal skje. Slik var det jo også i den greske tragedien: Publikum kjende myten og visste korleis det enda, men slik kunnskap kan nyttast til å skape spenning.

Kallirhoe står i sentrum av handlinga. Det er venleiken hennar som held handlinga i gang, og som er årsak til alle ulukkene hennar, og ho klagar si naud meir enn ein gong. Som hjå Homer er store delar av teksten i direkte tale. Personane vert først og fremst karakteriserte gjennom måten dei snakkar på, til andre og til seg sjølv, for å overtyde dei om korleis verda heng saman og kva dei skal gjera. Grekarane snakkar, og gresk litteratur er retorisk.

Dei siste åra har gjeve oss mange nye omsetjingar frå gresk og latin. Gyldendal har Kanon-serien, Aschehoug har Thorleif Dahls kulturbibliotek og Cappelen har Kjell Arild Pollestad. Alle held høgt språkleg nivå, og innleiingane er gode og informative. Bente Lassens omsetjing og innleiing til Kallirhoe lever opp til dette høge nivået.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At historia endar lukkeleg, får vi vite alt i innleiinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis