Musikk

Kjærleikshat

Konserten i Riddarsalen var vigd Griegs musikalske førebilete frå studietida i Leipzig.

Sterk Schumann: Julianna Avdejevas brotne akkordbylgjer i flygelet bar fram den melankolsk urolege fiolinmelodien til Johan Dalene.
Publisert

Edvard Griegs (1843–1907) forhold til Leipzig kan skildrast som eit kjærleikshat. Ytringane om den saksiske metropolen han kom til som femtenåring – der han studerte i tre og eit halvt år mellom 1858 og 1862 og vitja mange gonger seinare – svinga mellom eufori og total avvising. På den eine sida ovundra han den stolte musikkhistoria til byen, på den andre ergra han seg over det konservative publikummet og dei avvisande omtalane av verka hans i musikkpressa.

Sjølvbiletet

Årsakene til ambivalensen grunnar vel i Griegs røynsler som elev ved konservatoriet, det eldste i Tyskland, som blei stifta av Felix Mendelssohn (1809–1847) same året han blei fødd. Grieg hadde mykje stygt å seia om institusjonen, til dømes at han lærte fint lite der, noko som sjølvsagt ikkje stemmer, men trongst for å forma myten om han sjølv som norsk originalgeni.

I sjølvbiografien skreiv han at «det var en lykke for meg at jeg i Leipzig fikk høre så meget skjønn musikk, særlig orkester- og kammermusikk. Dette holdt meg skadeløs for den lærdom i komposisjonsteknikk jeg ikke fikk ved konservatoriet. Det utviklet min ånd og min musikalske dømmekraft i høyeste grad». I eit brev til biografen Gerhard Schjelderup, derimot, hevda han at «Leipzig var tross konservatorium og universitet aldri noen elevert by, og den vil aldri komme til å bli det, dertil er befolkningen av fødsel alt for småborgerlige og filisteraktige».

Sikker teknikk

Den «skjønne musikken» som forma Grieg i studietida, var tema for festivalkonserten i Riddersalen som kort og godt heitte Leipzig. Byens største musikkoryfear på Griegs tid, Mendelssohn og Robert Schumann (1810–1856), utgjorde kjernen i programmet. Erkeromantikaren Schumanns påverknad synest klart størst; Mendelssohns musikalske arkitektur var nok i overkant klassisistisk for den unge bergensaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement