Bok

Kjærleiken er kort, kunsten er lang

Et elskelig menneske er ein fin roman frå det namnlause grannelandet til kjenslene.

Odd Klippenvåg har gjeve ut 22 bøker i roman- og novellesjangeren.
Odd Klippenvåg har gjeve ut 22 bøker i roman- og novellesjangeren.
Publisert


Når ein mindre verdsvand person, til dømes ein mann, les ei bok og forstår at teksten handlar om likekjønna kjærleik mellom kunstinteresserte menneske, kan vedkommande lesar lett gå i fordomsfella og tenkja at han no sikkert får oppleva ein tekst i høgprosa der den fysiske tiltrekkinga er sett til side av elegante formuleringar om sublime og subtile kjensler som han aldri har opplevd sjølv, av di han er ein bavian, men der syner det seg at han tek feil, ikkje om bavianen, men om teksten. For denne kjærleiken er i grunnen temmeleg lik annan kjærleik.

Odd Klippenvåg har skrive ein fin roman med eit slikt tema, der den middelaldrande galleristen Birger Mostul i Oslo ein dag vert oppsøkt av barndomsvennen Kjerand, og lesaren forstår at det er ein slags gneiste mellom dei to. Birger fører ordet og røper nokså snart at han er homofil, medan Kjerand både har vore gift og øksla seg, slik at ein ikkje straks plasserer han i ein seksuell kategori, men reknar han som eit menneske.

Dissonans

Det syner seg at Kjerand har prostatakreft og er i hovudstaden for strålebehandling. Han kjem, som ein kan høyra på namnet, frå landlege trakter, endåtil Øyfjell i Telemark, der jo folk berre har namn frå oldtida. Slik har han ei syster som heiter Jarbjørg, ein annan barndomsven heiter Tollef, så her er det heil ved.

Birger er travelt oppteken med galleriet sitt, her er stadig utstillingar av samtidskunst, og salet går strykande, noko som får lesaren til å hugsa at boka trass i alt er rein fiksjon. Kor som er, inviterer han Kjerand til å flytta inn hjå han, og Kjerand seier ikkje nei takk til slikt eit tilbod. Så utviklar det seg ein relasjon mellom dei to.

Det Klippenvåg får best til i denne romanen, er ikkje skildringa av kjærleiken eller av kjenslene, teksten er heller lågmælt og kvardagsleg, om det enn dukkar opp ord som «lykkerus» og «sønderknust» her og der. Nei, Klippenvåg er ein meister i å syna dissonansen mellom avsendar og mottakar av replikkar, korleis hovudpersonen er skiftevis for mykje eller for lite merksam på dei moglege tolkingane av det han seier, og kor var han er når utsegner møter uventa reaksjon. Ord er ei investering, men ho kastar stundom lite av seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement