Bok

Kjærleik også i desse romma

Eikemos tekst skriv seg inn i ein tradisjon av sterke og stygge ekteskapsdrama.

Marit Eikemo fekk Amalie Skram-prisen i 2017 for forfattarskapen. I år er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela.
Marit Eikemo fekk Amalie Skram-prisen i 2017 for forfattarskapen. I år er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela.
Publisert

Teaterstykket Who’s afraid of Virginia Woolf av Edward Albee er eit fortetta kammerspel. I løpet av ei fuktig natt blir vi vitne til korleis eit middelaldrande ektepar har køyrt seg fullstendig fast i ein botnlaus sump av løgner og svik. Noko av det skodespelet viser, er den grelle kontrasten som kan oppstå mellom det glansa biletet ein gjerne vil vise omverda, og røynda som ligg bak og under – og korleis alt kan rakne når fasaden fell saman.

Å ha trong til å samanlikne seg med og måle seg mot andre er noko som ligg nedfelt i oss som sosiale vesen. Med dagens teknologi har moglegheitene og «plattformene» for denne djupt menneskelege aktiviteten est ut. Det har sine mindre hyggelege sider.

Livet (utan) rettleiing

Hanne og Andreas er eit par i midten og slutten av førtiåra. Dei var seint ute med å få barn, og er no midt i den mest intense småbarnsperioden med alt det han krev. Typisk nok skal dei i tillegg til foreldrerolla skjøtte karrierane på kvar sin kant. Ikkje minst skal dei også helst klatre i det sosiale og økonomiske hierarkiet, noko som i vår tid (og vårt land) som kjent gjerne skjer via huskjøp. Hanne føler at dei har blitt hengande etter; andre par på deira alder er for lengst etablerte i store villaer med hagar, medan dei sjølve bur i den same leilegheita dei flytta inn i som studentar.

Lesaren følgjer paret nokre hektiske dagar etter at Hanne har peila ut draumeobjektet og pressar fram at dei skal leggje inn eit bod. Gjennom dialogar mellom henne og Andreas og via tilbakeblikk, får vi historia til paret. Vi får mellom anna glimt frå kjærleikssoga deira frå ei meir lykkeleg og uskuldig tid. Dette blir sett opp mot det presset særleg Hanne no kjenner på overfor alle krava som trenger seg på frå alle kantar, ikkje minst frå sosiale medium. Romanen tematiserer korleis Facebook og Finn er meir øydeleggande enn eggande for romantikken og familielivet.

Desse aspekta av liva våre som vi kjenner så godt, er framstilte både komisk og tragisk, og båe delar på ein gong. Det er godt sett og godt skildra. Likevel: Å harselere over latterlege trekk ved det moderne familielivet er ikkje Eikemo aleine om. Satiren får først verkeleg brodd i det overraskande sluttpartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement