Teater
Kjærleik og død mest på liksom
Shakespeare vert krydra med liksomimpro, og poesien bleiknar.
Scenebiletet er frå byrjinga dominert av dokker i menneskestorleik, som etter kvart vert brukte som alter ego for karakterane.
Foto: Erik Berg / Riksteatret
Romeo og Julie er ei av verdas vakraste og bitraste kjærleikshistorier. Det er ikkje for ingen ting at nett dette Shakespeare-stykket vert henta fram att i stendig nye tolkingar, både på teater, film, ballett og så bortetter.
Noko av det som held det friskt og reint i hundreår etter hundreår, er kan hende at det har, midt i det tragiske, ein smålåten humor innimellom hendingane, som gjer at det aldri kan bli melodramatisk. Humoren finst alltid i liva våre, også når vi elles har det leitt. Det visste Shakespeare.
Metaskodespel
I den versjonen som Nationaltheatret og Riksteatret no har gått saman om, kan det verke som ein ikkje har lite heilt på Shakespeares lunerikdom. Framsyninga startar opp på eit slags metanivå, der skodespelarane spelar skodespelarar som skal spele Shakespeare. Gradvis veks dei inn i rollene og vert «seriøse», men heilt fram til pausen får vi jamlege avbrekk med blunking til publikum, klovneaktige opptrinn og imaginær snubling, latteranfall som ikkje er ekte, kort sagt dei klassiske sjarmere-i-senk-triksa. Det er i utgangspunktet ein god idé å byrje i røynd og notid på ei reise mot fjern fortid, om det er tidløysa i krig og kjærleik ein vil ha fokus på. Men her blir spranget akk så langt til å formidle det poetiske og ærleg menneskelege.
Vi ser regissørens vilje til å forsterke det umogne hjå Romeo og det sterke og kloke hjå Julie, men mykje av tida blir denne Romeo berre ein klovn og denne Julie berre irritabel og furten. I dei desperate kjærleiksmøta gir Herbert Nordrum og Hanna-Maria Grønneberg full gass, og vi ser at dei har dekning for rollene. Den såre lengten og fortvilinga kunne dei likevel fått lov å syne meir av. Av skodespelarane elles er det mest Anne Krigsvoll som hevdar seg. Men rolla som Julies amme er alt i originalen komisk, så ho treng ikkje overanstrenge seg. Tvert om er ho den einaste som greier fullt ut å balansere alvoret og humoren i framsyninga.
Vilter vitalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.