Bok
Kjærleik i krigsskuggen
Isabel Allendes nye roman gapar over for mykje.
Isabelle Allende slo gjennom som forfattar i 1982.
Foto: Gyldendal
Chilenske Isabel Allende vart ei litterær verdsstjerne då ho debuterte med Åndenes hus i 1982. Latinamerikansk litteratur hadde ein boom på den tida, og colombianaren Gabriel García Márquez fekk Nobelprisen same året. Solidariteten med det chilenske folket og lidingane deira under diktaturet var ein spore til ei generell interesse for det mangslungne Latin-Amerika. Allendes tidlege romanar var sterke soger frå ei eksotisk røynd, med forførande innslag av det overnaturlege og eventyrlege. Den litterære stilen fekk merkelappen «magisk realisme».
Forfattaren er omsett til 42 språk, har fått nærare 60 litterære prisar og er svært produktiv. Dei seinare bøkene hennar har likevel vore litterært mindre interessante. Også i Over havet syner chilenaren berre glimtvis den særeigne og lokkande skrivemåten ho hadde i tidlegare utgivingar. Ho skriv ikkje dårlegare, men heller ikkje mykje betre enn andre som skriv bestseljande historiske romanar.
Borgarkrig og eksil
På same måte som Åndenes hus er Over havet bygd over historiske hendingar og som ein familiekrønike. Romanens startpunkt er den spanske borgarkrigen (1936–1939) som jaga titusenvis ut av landet. Hovudperson er katalanaren Victor Dalmau som kjempar på republikansk side, blir tatt til fange og sett i konsentrasjonsleir i Frankrike. Saman med om lag 2000 andre er han og den nære familien hans blant dei som i 1939 kjem med på kvoten som den kjende chilenske forfattaren og diplomaten Pablo Neruda fekk i stand for immigrasjon til Chile. Tre tiår seinare må mange av dei flykte på nytt når liknande politiske krefter som jaga dei ut av Spania, tek makta i Chile ved eit blodig statskupp.
Dei første 100 sidene som er vigde til krigen i Spania og utfarten derfrå, har eit tydeleg autentisk preg og enkelte sterke scener som sit. Likevel merkar ein alt her det som blir det største problemet under lesinga av den nesten 400 sider lange romanen: Det er så frykteleg mykje som skal forteljast, og det meste blir på overflata.
Kvart kapittel opnar med ei strofe av Neruda. Poeten døydde samstundes med militærkuppet i 1973 og vart eit viktig symbol på motstanden mot den brutale undertrykkinga. Vi møter så vidt den store poeten i romanen, men blir ikkje kjende med han. Dette gjeld diverre for dei fleste av dei mange karakterane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.