Film

Kinoåret 2023

Kjende fjes og nye stemmer prega filmåret. Framleis går det alltid ein film som er verd kinoturen, meiner filmmeldarane i Dag og Tid.

Filmen frå det bolovianske høglandet av regissør Alejandro Loayza Grisi hausta mange prisar på små og store filmfestivalar.
Filmen frå det bolovianske høglandet av regissør Alejandro Loayza Grisi hausta mange prisar på små og store filmfestivalar.
Publisert

Charlotte Wells debuterte med openberringa Aftersun. Den såre, vakre og morosame skildringa av oppvekst med ein deprimert far på tur til Syden reiv i sjela. Ei registjerne er fødd i britisk film. Unge Frankie Corio stod ikkje tilbake for Oscar-nominerte Paul Mescal.

Noko så sjeldan som ein boliviansk film på kino fekk vi i nydelege og smertefullt aktuelle Utama, den fyrste filmen til Alejandro Loayza Grisi. Filmen handlar om eit eldre ektepar og barnebarnet i høglandet, der klimaendringane er nådelause.

Past Lives av Celine Song var ein debut med framifrå arbeid i alle ledd, frå tekstur og rytme til skodespel. Song har skrive eit meisterleg manus om kjærleik og migrasjon frå Sør-Korea til Nord-Amerika. Franske Alice Diop er ein utmerkt dokumentarist, men laga sin første fiksjonsfilm med kløktige Saint Omer. Det originale rettssalsdramaet har rike perspektiv på tema som skuld, tru og morskap.

Ringrevar

Den iranske prisgrossisten Jafar Panahi slapp ut av fengsel i år. Med Ingen bjørner handsama han i kjend stil med stor humor rolla til filmskaparar, styresmakter og det sosiale spelet i Iran. Eg plar kalle Romania for Europas Iran, sidan dei trass tøffe rammer stabilt pumpar ut knakande god film. Ein av dei store har lenge vore Cristian Mungiu. R.M.N. var ein enormt ambisiøs og vellukka film om Romania og Europa i dag. Filmen hadde årets mest spektakulære scene, ein massekrangel utan klipp.

Dei kan lage film i USA òg. I tillegg til nybyrjaren Song fleska den gamle kjenningen Todd Field til med sin første film sidan 2006, Tàr. Ei gneistrande Cate Blanchett spelar suksessrik dirigent og komponist. Filmen er genial i skildringa av makt, grenser og generasjonar i kulturlivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement