Film

Kino i krisetid

HAVANNA: Straumstans, sensur og solide filmar er stabile faktorar på filmfestivalen i Havanna.

Frå filmen til den cubanske regissøren Marcos Díaz Sosa.
Frå filmen til den cubanske regissøren Marcos Díaz Sosa.
Publisert

At den latinamerikanske filmfestivalen i Havanna skulle gå føre seg i år, var ikkje sjølvsagt. Det siste landsdekkjande straumbrotet så langt kom dagen før festivalstart. Noko teknisk trøbbel er å vente. Litt glisne salar overraskar heller ikkje etter massiv emigrasjon.

Avskjedane

Alle fer framleis, som Wendy Guerra skreiv i ein roman i 2006. For alle dei fire cubanske langfilmane på programmet glimra regissøren med sitt fråvær. Før spelefilmen Fenómenos naturales (Naturlege fenomen) las Andrea Doimeadiós, som hadde hovudrolla, opp ei melding frå regissøren Marcos Díaz Sosa om at øya er prega av vald, og at det vantar kjærleik og omsut. Filmen handlar om ei kvinne som har eit stort talent for å skyte med hagle, men møter hinder hos konservative kaksar.

Tre cubanske dokumentarfilmar handla om ting som går tapt. El bosque intermitente (Den mellombelse skogen) av Lázaro Lemus er ei flott skildring av ein mann som har ferdast i skogen vest på Cuba i over seksti år. Kunnskapen hans blir borte. I La tierra de la ballena (Kvallandet) tek Armando Capó Ramos farvel med gamle meistrar i heimbyen Gibara aust på Cuba. Dei syrgjer over alt som fell frå kvarandre. La línea del ombligo (Navlestrengen) av Carla Valdés León er hennar avskjed med besteforeldra. Trua på framtida svinn.

Fråværet

Som alltid manglar nokre cubanske filmar. To skil seg ut. Dokumentaren Isla familia (Øy familie) av Clauda Calviño og Abraham Jiménez Enoa hadde nett premiere på Doc NYC i USA. Jiménez er ein uavhengig journalist. Det er ikkje lett i land nummer 168 på lista Reporterar utan grenser har over pressefridom. Han blir hersa med av tryggingstenestene og jaga mot eksil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement