Film
Keisarens nye kimono
Etter ein sigersgang på festivalar verda over kjem Oscar-bidraget frå Japan endeleg på kino – utan at eg heilt skjønar oppstyret.
Skodespelarane Masaki Okada og Hidetoshi Nishijima i ei scene frå filmen.
Foto: Bitters End / C&I Entertainment / Culture Entertainment
Skodespelaren Yusuke (Nishijima) går gjennom ei krise etter at kona (Kirishima) døyr. Han tek eit regioppdrag i Hiroshima, og det er den unge sjåføren Misaki (Miura) som skal verka som forløysande faktor for å få livet i perspektiv.
Drive my Saab
Eg skal ikkje skryta på meg å ha lese så mykje Haruki Murakami, det vart med Norwegian Wood og eit par til, den gongen på nittitalet då det i visse krinsar var påbode å lesa og nesten like påbode å lika han. Og der har du meg, eit kvart hundreår seinare, motstraums Murakami nok ein gong.
Eg vil ikkje seia eg gjekk fordomsfull inn i kinoen, utanom tanken på at filmen varar i tre timar, men eit snev var det nok likevel. Det startar vakkert – vakre menneske i vakre klede i vakre møblar, ein slags interiørkatalog for vestlege som elskar Japan.
At Yusuke køyrer ein vintage raud Saab, passar vidare inn for å understreka banda til vestlege sjåarar. Og ikkje minst at Tsjekhov står på planen når ein skal gjera eit djupdykk i dramatikken, eit dykk som for meg framstår uforståeleg. Skal det få meg til å tenkja over livet og det forgjengelege? Det framkallar ikkje andre djupe kjensler i meg enn djup keisemd.
Historielaust
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.