Film
Kaurismäki i slag
Finlands fremste filmskapar har laga ein fortreffeleg romantisk komedie i kjend og kjær stil.
Turtelduene Ansa, spelt av Alma Pröysti, og Holappa, spelt av Jussi Vatanen.
Foto: Malla Hukkanen / Sputnik / Arthaus
Holappa (Vatanen) drikk tett. Han har lommelerka på lur også når han er i sving i industrijobben. Ansa (Pöysti) er samvitsfull og raus, men får sparken då ho blir teken i å ta med seg ein blings som er utgått på dato, frå jobben sin på daglegvarebutikken. Ho har uansett ikkje skikkeleg kontrakt. Båe er einsame. Tungsinnet hjå Holappa hindrar oss ikkje i å heie hardt på at dei to skal finne kvarandre.
Varm kulde
Aki Kaurismäki er i slag. Omgjevnadene og figurane er så typiske for regissøren at han nesten verkar parodiere seg sjølv. Dei to turtelduene er spelte av Alma Pöysti og Jussi Vatanen. Dei vantar fartstid med den store regissøren, men passar perfekt. Andleta er stoiske og alvorlege. Dialogen er lakonisk.
Menneska er stiliserte, slik barane, gatene og kleda også er det. Bileta ber varme. Ingenting tyder på at dette er eit heseblesande, høgteknologisk land, men eg får auge på ein enkel Nokia-telefon. Kalenderen på veggen er rett nok frå 2024, men verda til Kaurismäki har ikkje endra seg stort dei siste tiåra.
Trass i den lågmælte stilen ser ein strenge meldingar frå finnen. Fattigdom, alkoholisme og rettsløyse i arbeidslivet pregar eit kaldt Finland styrt av kynisme og griskleik. Sinnet brenn på lågbluss. Ingen skrik eller demonstrerer. Det er kraft i stilla.
Fjong klang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.