Karibisk kvardagsklassikar

Simone Schwarz-Bart har skrive ein klassikar om liv og lagnad på Guadeloupe.

Forfattar Simone Schwarz-Bart skildrar kvardagen i landet ho kjem frå.
Forfattar Simone Schwarz-Bart skildrar kvardagen i landet ho kjem frå.
Publisert

Guadeloupe er ei lita øygruppe i Dei små Antillane, ein fransk region som har fostra store personlegdomar som sprintaren Marie-Jose Peréc og komikaren Johan Golden, men også forfattaren Simone Schwarz-Bart som i 1972 kom ut med boka om kvinna Télumée. Etter berre 45 små år, eller 540 korte månader, ligg ho no føre på norsk.

Romanen byrjar med nokre av formødrene til Télumée, men utan å nemna årstal eller historiske koordinatar. Den ekstremt velinformerte lesaren veit likevel at handlinga byrjar ein gong etter 1848, for det året avskaffa Frankrike slaveriet i koloniane. Hovudpersonen i romanen, og dei ho lever med, er nok for det meste av afrikansk opphav, men dei ser ikkje ut til å bry seg om dei historiske linene. Dei lever for det meste her og no, i ein kultur der fortida kjem indirekte til uttrykk i det rike og fascinerande språket. Replikkvekslingane er stundom som eit møte mellom Sokrates og Zarathustra, men det er døme på og frå ein skriftlaus litteratur, ein rik oralkultur der ordtaksspørsmål og orakelsvar vekslar med orakelspørsmål og ordtakssvar. Om presentasjonen av denne språklege praksisen er eit viktig poeng for forfattaren, veit eg ikkje, men for meg er det i alle høve slåande at dei fattige på Guadeloupe, truleg for meir enn hundre år sidan, var antitesen til nordmenn i mi tid: Dei vanta skulegang, men hadde danning.

Arbeid og oppvekst

Kor som er, me får vera med og hjå Télumée i arbeid og oppvekst, og gjennom vaksenlivet der ho tidleg vert gift med den gåtefulle plankesagaren Élie. Giftarmålet vert til på ein måte som diplomatisk uttrykt kan skildrast slik: Seremoniellet som konstituerer partilhøvet, vert ikkje trenert med formalitetar. Samlivet mellom dei to går snart dårleg. Det kjem av at økonomien der dei lever, er lite robust. Dårleg vêr ein vår er eit trugsmål mot eksistensen, ingen kjøper det Élie produserer, og han satsar på ein ny karriere: Han slår seg på fylla. I tillegg slår han Télumée. Men ho er sterk og tapper, ho kjem seg laus frå det vonlause samlivet og etablerer seg etter kvart på nytt.

Eksotisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement