Teater
Kaotisk og leikent
Ujamn framsyning som på sitt beste er glimrande komediespel.
Spelet er prega av overskot og glede.
Foto: Rogaland Teater
En midtsommernattsdrøm er ikkje berre Shakespeares mest spelte stykke, det er truleg også hans mest kaotiske og forvirrande, med kjærleiksintrigar og -forviklingar, draumar og spel i spelet. Det som finst av komisk potensial i stykket, og det er ikkje lite, blir i danske Kjærgaard-Sunesens regi teke ut i det aller ytste og får mot slutten sterkt preg av fysisk teater med innslag av japansk kampsport. Som eit turnstemne som er komme ut av kontroll.
Ei stund verkar det masete, tidvis også litt sjarmlaust, men på sitt mest overdrivne og (medvite) overspelte går framsyninga over i det halvt absurde – og fungerer fint. Og det innlagde spelet i spelet bringar galskapen over i folkekomedie av godt slag. Spelet er prega av overskot og speleglede, og mellom dei doriske søylene som får symbolisere både Aten og skogen utanfor, glir samspelet flott.
Som ein kunne vente, gjer Nina Ellen Ødegård ein stødig jobb som Puck, det komiske uromomentet i historia. Men den positive overraskinga er Ragnhild Tysse i rolla som den keitete og kjærleikslengtande Helena. I gummistøvlar og gul regnfrakk skaper ho framifrå komikk. Solid komisk innsats leverer også Jonas Digerud i fleire ulike roller.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.