Kunst

Kan du bli ein kunstsamlar?

København inviterer kvar haust til heile to store kunstmesser, og besøkjande kjem med svært ulik agenda.
 

QB Gallerys stand på Enter Art Fair, med verk av Bjørn Båsen, Hanne Friis, Hanna Hansdotter og Nellie Jonsson.
Publisert Sist oppdatert

Utstilling

Enter Art Fair, Lokomotivværkstedet, Otto Bussesvek 5A, København

Chart Art Fair, Kongens Nytorv 1, 1050 København

28.–31. august 2025

Enter Art Fair kallar seg størst, og Chart Art Fair kallar seg førande. Dei to vekslar mellom konkurranse og samarbeid, og til saman skaper dei ein kunsthappening av dimensjonar.

Chart blei etablert av fem sentrale København-galleri i 2013. Etter å ha delteke på kunstmesser over heile verda og sett kvaliteten hos dei andre nordiske galleria, ville dei rette merksemda til den internasjonale kunstverda mot København. 

Dette har Chart i stor grad lukkast med. 36 galleri med base i Norden har kvar sine tildelte kubikkmeter i historiske rom på Charlottenborg slott. Galleria får vist fram verk av kunstnarane sine i tillegg til å pleie kontakten med samlarar og andre galleri. Her kan du sjå og bli sett, mingle, eller kanskje slå til med ei investering. 

Men politisk engasjement må du leite lenge etter.

I hagen utanfor Enter-bygget kan ein ete, mingle og slappe av i halvskuggen.

Demystifisering

Men politisk engasjement må du leite lenge etter.

Chart Art Fair presenterer seg som eksklusive, men mjukar det heile litt opp med å leggje til rette for dei som kanskje aldri har kjøpt eit kunstverk – endå.

I hovudbygget finn ein fleire norske galleri, som OSL contemporary, Standard og Galleri Riis. 

I det mindre bygget, Charlottenborg kapell, kan du sjå utvalde verk, gjerne av unge kunstnarar, og kanskje gjere ditt første kunstkjøp til ein makspris på litt over 30.000 norske kroner? I denne samanhengen er dette ein låg pris, og i ein pamflett kan me lese at Chart med dette ønskjer å utvide og demystifisere det å samle på kunst.

Upretensiøs

Enter Art Fair presenterer heile 96 galleri, ei tredobling sidan oppstarten i 2019. Sidan 2023 har Enter funne stad i ein hall som tidlegare romma reparasjonar av lokomotiv, ein kort rusletur utanfor sentrumskjernen.

Allereie her merker ein skilnad frå Chart, på godt og vondt. Stemninga er meir upretensiøs, med den same blandinga av kunst og fabrikk som ein finn i Arsenale-lokala som blir brukte under Venezia-biennalen. Skeive betonggolv med restar av jernbanelinjer krev sitt av dei med stiletthælar. 

Langs den eine langsida er det mange dører som opnar opp mot ein hage med skulpturar, langbenkar, lykter i trea og matservering. Her sit alt frå unge kunststudentar med caps og ein øl til avmålte middelaldrande par i lindress med stettglas og eit lite entourage omkring seg.

Tilfeldigvis blir eg i denne hagen vitne til at ikkje all viktig mingling skjer under VIP-middagane. Representantar frå visningsstaden K-U-K i Trondheim tek kontakt med ein kunstnar for å invitere henne til Hannah Ryggen-triennalen – om tre år. Dei får eit stort smil og eit «Ja!».

Hanna Hansdotters glasskulptur «Juicy Baroque», vist på QB Gallerys stand på Enter Art Fair.
Ane Graffs skulptur er ein del av glastriptychen «The Flesh Age», vist av OSL Contemporary på Chart Art Fair.

Ujamn kvalitet

Enter har frå starten definert seg som meir innovativ og positiv til grenselandet mellom kunst og teknologi. I tillegg inviterer dei galleri frå heile verda. Her kan alle galleri søkje om å bli med, medan Chart sjølv tek kontakt med dei galleria dei ønskjer å invitere. 

Enter legg vekt på at dei har eit svært kompetent styre som sørgjer for jamt høg kvalitet, men det er ikkje heilt det inntrykket ein får etter ein runde i lokalet. Det blir vanskeleg å ikkje tenkje at Enter tek inn for mange. Prisen for ein såkalla «booth» er skyhøg, så det har kanskje blitt for freistande å seie ja til mange? 

Når det er sagt, så er dei beste galleria på Enter minst like interessante som dei beste på Chart. Det er i tillegg gøy at mange er norske. Her er etablerte tungvektarar som Brandstrup galleri og nyare galleri som QB Gallery, Høyersten Contemporary og Eiklid/Rusten.

Bjørn Båsens oljemåleri «Fable (Huts)» blei vist på QB Gallerys stand på Enter Art Fair

Urovekkjande

Av alle dei norske galleria vil eg trekke fram QB Gallery på Enter, som utmerker seg med måleria til Bjørn Båsen, glasskulpturane til Hanna Hansdotter, tekstilverka til Hanne Friis og keramikkverka til Nellie Jonsson. Mange av verka balanserer det søte og sjarmerande med noko ulmande og urovekkjande på ein måte som held deg lenge fast som betraktar.

På Chart glimrar OSL Contemporary til med skulpturar av både Ahmed Umar og Ane Graff. Umars verk er ei fortsetjing av dei utsøkte og symboltunge skulpturane han viste på Kunstnernes Hus i 2023, men no med større bruk av glas. 

Graff jobbar i eit uvanleg skjeringspunkt mellom kunst, fysikk og biokjemi, noko som endar i mystiske formar som er fråstøytande og tiltrekkande på same tid.

Ahmed Umar og Ane Graffs verk på Chart Art Fair, presenterte av OSL Contemporary.
Ahmed Umar er representert av OSL Contemporary med fleire verk i serien «Glowing Phalanges».

Happy-go-digital-tendensen er heldigvis mindre i dei norske galleria.

Happy-go-digital-tendensen er heldigvis mindre i dei norske galleria samanlikna med eit par av dei tyske, som til dømes viser 3D-printa verk og leikar med KI på ein måte som allereie kjennest litt passé. Eg lurer på om dette er ei ironisk utforsking eller oppriktig fascinasjon, men samstundes er det ikkje avgjerande.

Krampaktig

Mange av galleria vekslar litt på kva messe dei deltek på, og treffer slik eit breiare publikum. Etter ein runde i begge kunstmessene ser eg liten grunn til å samanlikne dei. Enter og Chart utfyller kvarandre og skaper liv og røre i ein bransje som lett kan bli litt stiv og intern. 

Når det er sagt, så er det klart at Enter kan vinne på å stramme inn tilgangen for deltaking, og Chart køyrer kanskje litt krampaktig på for å skape ein uformell stil når lydnivået i uteområdet mest minner om ein tecnofestival frå 1990-talets Berlin.

Påfallande er det også at det er få kunstnarar med eit tydeleg aktivistisk engasjement her. Kanskje er dei luka ut av galleria sjølve, som ikkje vil trakke på samlarane sine tær? Eller er det føringar frå messene? Under overflata av smil og skravling føregår det eit aldri så lite rotterace, for galleristane veit godt kven som er dei store samlarane. 

I tillegg skular dei nok på kvarandre for å sjekke kven som sel, og kven som har kunstnarar som er modne for å skifte galleri.

I den grad ein søkjer kunst som resonnerer med den tyngre delen av tidsånda, er det utan tvil dei kunstnarstyrte visningsstadene som har fingeren på pulsen. I så fall er det berre å få med seg Haustutstillinga som nyleg opna i Oslo.

I forgrunnen står keramikkskulpturen «Dårligt humör miks» av Nellie Jonsson, vist på QB Gallerys stand på Enter Art Fair. I bakgrunnen ser vi Fritz Hansen-loungen og andre galleristandar.

Ikkje «dei andre»

Er det plass til dei med ganske normal økonomi her? Definitivt. Det er ikkje småpengar som går til oppussing, feriar eller ny bil, og her ønskjer både Chart og Enter ei haldningsendring. 

Det treng ikkje vere «dei andre» som kjøpar kunst, og kunst er ikkje nødvendigvis meir luksuriøst enn andre ting me lett overtyder oss sjølve om at me verkeleg treng.

Utan endelaust djup lommebok kan du framleis kose deg på begge messene, så lenge du har interesse for kunst. Her er også heilt greie prisar på mat og drikke, sjølv om namn som Rouge Oysters på Chart eller Ruin Art Champagne Bar på Enter med eit halvironisk glimt i auget vitnar om ei fancy verd som ikkje er like framand for alle i lokalet. 

Her er definitivt samlarar som er av eit anna kaliber enn deg og meg, men eg anbefaler like fullt ein liten tur til København neste haust for alle som vil sjå eit breitt utval av galleri og kunstnarar. 

Og kanskje ein dag går renta og straumprisane ned, sånn at akkurat du kan slå til på eit kunstverk?