Teater
Kampen om Alta
Dokudrama om sameopprøret i 1980-åra har kraft og sjarm.
Frå venstre Marte Fjellheim Sarre, Mary Sarre, Nils Henrik Buljo, Egil Keskitalo og Ingor Ántte Áilu Gaup.
Foto: Aslak Mikal Mienna
Dei av oss som er gamle nok til å hugse vel 40 år attende, har sjølvsagt ikkje gløymt kampen om Alta–Kautokeino-vassdraget og kor store ringverknader det fekk, både for vårt generelle syn på miljøpolitikk og for medvitet om samisk identitet og kulturvern.
Framsyninga som Beaivvás Sámi Nasunálateáhter no er på turné med, kan på mangt eit vis minne om det saksorienterte, oppsøkjande teateret som vart ein eigen norsk sjanger på 70-talet. Det er skisseaktige skodespelsekvensar følgde av autentiske bilete og film- og videoopptak frå den aktuelle tida, og det heile er fortrinnsvis bygd på røynslene til tre personar som var tungt involverte i Alta-aksjonen: Johs. Kalvemo, Jorunn Eikjok og Niillas A. Somby.
Manusforfattar, regissør og scenograf Mette Brantzeg har snikra ein fint komprimert reportasje der det heldigvis òg er rom for artistisk varme frå skodespelarane. Dei greier med både blid ironi og sterkt alvor å minne oss endå ein gong om kva som stod på spel – og gjer det enno. Eit dramatisk høgdepunkt er framføringa av Mikkel Eiras appellerande brev til statsministeren der han seier beint ut at sveltestreiken kan krevje liv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.