Film

Kampen om Algerie

La deg riva med av algerisk ungdom i framifrå kamprop.

18 år gamle Papicha (Lyna Khoudri) drøymer om å bli motedesignar, medan terroristar ynskjer å innføre eit muslimsk regime overalt i Algerie.
18 år gamle Papicha (Lyna Khoudri) drøymer om å bli motedesignar, medan terroristar ynskjer å innføre eit muslimsk regime overalt i Algerie.
Publisert

Nedjma eller «Papicha» (Khoudri) og venninnene går på universitetet i Alger seint i 1990-åra. Algerie er splitta av borgarkrig.

Ekstreme religiøse grupper spreier frykt med valdelege angrep mot alle meiningsmotstandarar. Feil kle er nok. Nedjma opererer som undergrunnsskreddar på diskotekdo. Draumen er å bli designar.

Sjarm og varme

Sjølv om historia er særeigen for algeriske høve i ei unik tid, er ho klassisk og tidlaus. Regissøren Mounia Meddour trykker på store knappar for melodrama utan at det byd meg det minste imot. Høg temperatur passar tematikken. Fanatikarar trugar ein gjeng det er lett å like og som er på veg mot livet. Jentene vil heller ha støtte enn vern, men det er harde tider og ungdommen er i flyt mellom ulike vegar.

Den livlege gjengen speglar spekter av draumar studentar kan ha. Fleire av figurane er dynamiske. Forteljinga har nyansar i tillegg til klare prinsipp. Nedjma har hug til både populærkultur og algerisk tradisjon, men hatar religiøs undertrykking. Bønneropa brummar i det fjerne når jentene snik seg over skulemuren og tar på leppestift. Det gjeld å få skautet på og kassetten med «Get Up» av Technotronic av når taxien nærmar seg eit sjekkpunkt.

Fotografiet er prega av flott flyt som saman med kvikk klipp og lyd løftar kjensla av rastlaus ungdom. Bileta har briljant tekstur. Friske fargar og intimt snitt med varmt ljos møter skuggar som reflekterer dei svarte nittiåra. Det driv godt med mykje spenning. Pulsen går. Gneistrande Lyna Khoudri i tittelrolla osar av energi og sjarm. Hennar vinnande vesen er gull verdt. Ei stjerne er fødd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement