Teater
Kampen mot (sjølv)hatet
Kjersti Elvik står for ei god framføring av ein ujamn monologtekst.
Kjersti Elvik beherskar monologforma godt.
Foto: Den Nationale Scene
Etter å ha opplevd tiår utan å lukkast i kjærleiken har byråkraten Birgit Bergemoen trekt seg tilbake til barndommens gard. Ufikst kledd og med tollekniv i beltet går ho kring og reflekterer over fortida, eigne val og nederlag, medan ho freistar byggje eit tempel til kjærleiken.
Berit Hedemanns noko ujamne tekst lyftar fram mange ulike tema, der litt færre kunne vore ein fordel. Under ligg både kvinnesak og erotisk lengt, men til sjuande og sist er det like mykje tale om eit sjølvoppgjer. Har ho svikta, både som mor, kjærast og dotter? Men kanskje vinn ho fram til den nødvendige sjølvinnsikta til slutt?
Stundom blir for mykje sagt, og overtydeleg. At lysbruken også skal «hjelpe» oss til å skjøne det vi fint er i stand til å skjøne utan slik hjelp, gjer ikkje saka betre. Men det er mykje i Birgits refleksjonar og røynsler som kjennest råkande og truleg treffer mange av oss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.