Musikk

Junikantatar

To innspelingar som syner mangfaldet i Bachs koralkantateårgang.

I år er det 500 år sidan Luther gav ut den fyrste evangeliske salmeboka i Wittenberg. Bach forsynte seg flittig av den til kantatane sine.
I år er det 500 år sidan Luther gav ut den fyrste evangeliske salmeboka i Wittenberg. Bach forsynte seg flittig av den til kantatane sine.
Publisert

Som det står i festspelbrevet frå Leipzig i denne avisa, er det i sommar 300 år sidan Johann Sebastian Bach (1685–1750) byrja på sin såkalla koralkantateårgang, der éin koral (altså salme) ligg til grunn for kvar kantate. Kva som kveikte Bach til prosjektet, veit me ikkje. Men det låg i naturen hans å skapa verksyklusar med sjølvpålagde avgrensingar, der han utforska kva som var mogleg innanfor éi form eller éin komposisjonsteknikk. Døme frå klaverlitteraturen er Wohltemperiertes Klavier, der han skreiv to sett preludium og fugar i alle dur- og molltoneartar, og Kunst der Fuge, der han med fjorten fugar og fire kanonar syner kva eitt einaste musikalsk tema kan nyttast til.

I koralkantatane utnytta Bach salmematerialet maksimalt og la si sjel i variasjon, altså å komponera mest mogleg ulike verk frå veke til veke. Dei innleiande korsatsane i stykka som har 300-årsjubileum no i juni, kan tena som døme.

Tre kantatar

I den fyrste kantaten i årgangen, O Ewigkeit, du Donnerwort, BWV 20, som blei urframført 11. juni 1724, har opningssatsen form som ein fransk operaouverture. Han er verdsleg og moderne. Sundagen etter er stilen diametralt motsett: Kantaten Ach Gott, vom Himmel sieh darein, BWV 2, byrjar med ein strengt polyfon korsats av typen som var vanleg hundre år før Bach. Var det det at salmemelodien som ligg til grunn, blei komponert av Luther sjølv, som fekk Bach til å komponera så arkaisk?

Seks dagar etter var det jonsok, og no er tonespråket italiensk og konserterande. Christ unser Herr zum Jordan kam, BWV 7, opnar med ein livfull korsats der den virtuose solofiolinen illustrerer bylgjene på elva Jordan som Johannes døypte Jesus i.

Nynna med

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement