Teater

Julespel for vaksne. Tja.

Faens nisse er ein spretten, men heller føreseieleg julesatire.

Joachim Rafaelsen (Jesus) og Jon Bleiklie Devik (nissen) under prøvane på Det Norske Teatret.
Joachim Rafaelsen (Jesus) og Jon Bleiklie Devik (nissen) under prøvane på Det Norske Teatret.
Publisert

Det er alltid mykje å ta tak i for den som vil seie noko om jula som fenomen og høgtid. Kontrastane mellom den etterlengta, fredelege julehelga og den kommersielle, verdslege stresstida, for mange den verste i heile året, er alt skildra i filmar, TV-seriar og teaterstykke gjennom generasjonar. Det er med nyfiken interesse ein går til ein julesatire på teateret, no like etter kulturdebatten på NRK om Reisen til julestjernen er ein kristen eller ein universell barnekomedie.

Jesus og julenissen

Å bringe sjølvaste Jesus og julenissen inn som handlingsberande rollefigurar i ein julekomedie, er iallfall ein ny variant. I Gunnar Germundsons småfrekke, leikne stykke er det fine spark til samtida, men alt i alt blir det likevel ei litt for føreseieleg og heller fragmentert framsyning.

Stykket plasserer seg i den fiktive tettstaden Bangstad, der ordførar, prest og øvrigheit gjer sitt for å balansere høgtid mot kvardagsliv etter sine eigne, til dels eigennyttige prinsipp, og der det einaste problemet som er større enn julestresset, er eldrebølgja, som breier om seg. Med ein julenisse, ein Jesus og ei jomfru Maria oppi alt dette er det til tider vanskeleg å konsentrere seg om ein samanbindande narrativ tråd, og ein grip seg i å tenke at teaterstykket kan hende kunne tent på å plassere seg i revysjangeren i staden.

Som ein sketsj

Her er velopplagde sprell frå skodespelarar som Joachim Rafelsen (Jesus), Eivind Nilsen Salthe (fjøsnissen Ljos), Jon Bleikli Devik (julenissen Nikko), Sigve Bøe (Gamle Peter) og andre, men ein kan ikkje anna enn tenkje at dette er stoff ein kunne gjort mykje meir ut av, både til moro og ettertanke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement